KRITISK: Bistandsadvokat Anette Stegegjerdet Norberg seier det har vore vanskeleg å få informasjon om status på etterforskninga i Spania. Norsk politi får hjelp av Interpol, men dei har enno ikkje fått innsyn i valdtektssaka.
KRITISK: Bistandsadvokat Anette Stegegjerdet Norberg seier det har vore vanskeleg å få informasjon om status på etterforskninga i Spania. Norsk politi får hjelp av Interpol, men dei har enno ikkje fått innsyn i valdtektssaka. (Montasje: Massimilano Mariani/CC BY-SA 3.0-lisens og Runa Victoria Engen/NRK)

Advokaten til russejenta: – Fornærma oppfattar norsk politi som avventande

Det er ei knapp veke sidan den valdtektssikta mannen vart arrestert av spansk politi. Den 18 år gamle jenta som er offer i saka har måtta lesa om etterforskinga i media.

Sogn og Fjordane: Politiet i Norge har enno ikkje fått innsyn i valdtektssaka i Spania, sjølv om Kripos har engasjert Interpol til å samla inn informasjon om etterforskinga.

Onsdag vart Anette Stegegjerdet Norberg oppnemnd som bistandsadvokat til den 18 år gamle jenta som er offer i saka.

– Fornærma oppfattar norsk politi som avventande, noko som gjer til at ho må lesa oppdateringane i saka via media. Det er uheldig i den vanskelege situasjonen ho er i, seier Stegegjerdet Norberg i ein felles uttale til media.

Regionlensmannen har fått med seg kritikken.

– Politiet har tatt kontakt med spansk politi og styresmakter. Me har òg vore i kontakt med bistandsadvokaten, som skal ivareta interessene til jenta. Førebels kan me ikkje kommentera meir om saka.

Fornærma ber om ro

Det var før helga at spansk politi sikta ein mann i 50-åra frå Sogn og Fjordane for valdtekt. Mannen var med som reisefølgje for ein privat russetur med elevar frå to vidaregåande skular i fylket. Offeret er ei 18 år gamal jente som var med som russ på turen. 

Tysdag slapp den sikta ut mot kausjon, og han kan no reisa heim til Norge.

Saka har fått stor merksemd i media, òg nasjonalt. Enkelte journalistar skal ha prøvd å ta kontakt med ungdommar i reisefølget for å få informasjon om saka og offeret.

I tillegg kjem snakket på bygda som ein ekstra påkjenning.

– Fornærma er ei 18 år gamal jente som må prøva å stå i livet sitt etter det som hende ho og mens saka er under etterforsking. Ho må få ro no og det ber me om respekt for, seier Stegegjerdet Nordberg.

Til toppen