PRISDRYSS: Ægir Brygger fekk overveldane mange prisar for både smak og design under årets Beer Awards i Australia. Foto: Privat.
PRISDRYSS: Ægir Brygger fekk overveldane mange prisar for både smak og design under årets Beer Awards i Australia. Foto: Privat.

Ægir henta heim 12 prisar frå Australia

Årets Australian International Beer Awards (ABA) baud på prisdryss for Ægir Bryggeri som totalt har 22 medaljar å vise til frå Australia

Aurland: Ægir Bryggeri frå Flåm drog med seg fleire prisar enn nokon gong tidlegare under årets Beer Awards.

– Det er heilt overveldane kor mange ting me har fått prisar for, seier bryggerisjef Evan Lewis. 

Stor konkurranse

Juryen vurderte 1790 ulike produkt frå tilsaman 36 land og Ægir stakk av med 12 av prisane.

– No går det som det susar. Me har fått nytt design og ølen er komen på boks. Ekstra spesielt var det å vinne så mange prisar for design. Det var første gong me deltok i designkonkurransen, seier Lewis.

I tillegg til prisdrysset frå Australia, fekk Heidrun Vikingmjød Spesialitet-merket under Bryggeri- og drikkevareforeiningen sitt årsmøte som vart halden i Flåm.

– Merket betyr at ølet er eit særnorsk produkt. Ein kan ikkje sende inn kva som helst produkt til juryen og dei stiller strenge krav, forklarar Lewis. 

Ægir fekk også Språkrådet sin pris for beste bedriftsnamn på nynorsk i Sogn.

Utfordrande overgang

Den 2. mai lanserte Ægir ni av sine tradisjonelle ølsortar på boks med nytt design.

– Det er utfordrande å starta opp med noko heilt nytt. Heile prosessen med nytt design, tekst, få boksane på trykk og utstyret til å fungera krev ein heilt del arbeid, seier Lewis.

Tilsaman sendte Ægir ut 300.000 boksar i starten av mai månad.

– Det er veldig spennande, men også litt stressande. Men me fekk det til. Tilbakemeldingane har vore fantastiske. Me er det einaste bryggeriet i Europa som har det pantet på boks som me brukar, seier han.

I dag vert øl frå Ægir seld i 10 land, men Lewis håpar på å ekspandere til endå fleire.

– Etter at me bestemte oss for å gå over til boks, har eksportmarknaden vår vokse i større grad, seier Lewis.

Sølvmedalje for Lærdøl

Desse prisane tok Ægir med seg heimatt frå smakspanelet:

  • Lærdøl Sour Cherry Rye – Sølv
  • Tors Hammer Barleywine – Sølv
  • Bøyla Blonde Ale – Bronse
  • Lynchburg Natt Barrel-Aged Imperial Porter – Bronse
  • Vetlebror Session IPA – Bronse

I tillegg plukka Ægir med seg ein heil bukett bronsemedaljar frå designpanelet:

  • Sommar Red Lager – Bronse
  • Dag Sitrus Pale Ale – Bronse
  • Bøyla Blonde Ale -Bronse
  • Rallar Amber Ale – Bronse
  • Vetlebror (Littlebro) Session IPA – Bronse
  • Ægir India Pale Ale – Bronse
  • Sumbel Porter – Bronse
Til toppen