SIGER: Samarbeidslaget til Årdal vann 1-0 mot Førde 3 i helga. Foto: Arkiv. 
SIGER: Samarbeidslaget til Årdal vann 1-0 mot Førde 3 i helga. Foto: Arkiv. 

ÅFK2/Jotun/Årdalstangen tok tre viktige poeng 

5. divisjonslaget vann 1-0 mot Førde 3 på bortebane søndag. 

Årdal: ÅFK2/Jotun/Årdalstangen har spelt to seriekampar, vunne begge, skåra to mål og held framleis nullen.

 Samarbeidslaget litt no på 2. plass på tabellen etter Bjørn, som har skåra fleire mål enn Årdalslaget. 

Lite mannsterke

Det var på førehand klart at det kunne by på utfordrinar å stilla lag til bortekampen mot Førde 3 denne søndagen, ettersom svært mange av spelarane var opptekne med konfirmasjon, skriv Årdal FK på sine nettsider

– I tillegg har me spelarar som ikkje kan spela grunna skade og sjukdom, så av ymse årsaker var me få som reiste oppover i bussen denne gongen, seier trenar Geir Kjetil Øvstetun.  

12 mann var det han greidde å skrapa saman - eit par av dei stilte sporty opp på svært kort varsel, medan andre igjen møtte til kamp vel vitande om at det ville bli tøffe 90 minutt på Hafstadparken. 

Heiderleg innsats

– Me la ned ein heiderleg innsats, rett og slett og låg kompakte bak og rydda godt unna. Reint defensivt var det veldig bra jobba. Offensivt var me samde om å ta dei sjansane me visste me ville få og det gjorde me. Me heldt oss til kampplanen, og Førde 3 skapte ikkje så veldig mykje dei heller, om eg kan få lov til å seia det, er konklusjonen, seier trenaren. 

Målet vart skåra av Henrique Torvund og det var naturleg nok god stemning i bussen heimatt. 

– Ein kan ikkje anna enn å vera nøgd med poeng på ein slik dag. Eg er veldig stolt over dei spelarane som møtte og var med - dei fortener verkeleg denne sigeren, med tanke på den innsatsen dei la ned, seier Øvstetun .

Han håpar det er siste gong laget er i ein slik situasjon denne sesongen.

– Det er no eingong slik at konfirmasjon er ein veldig flott og viktig sak, difor klaffa det ikkje heilt med få med så mykje folk, seier leiaren, som nyttar høvet til å gratulera alle konfirmantane på laget med dagen - og ynskja vel møtt til ny kamp om to veker. 

Den neste kampen vert spelt på heimebana Cuba mot Hyllestad/Dale den 22. mai. 

Til toppen