FRILUFTSMANN: Åge Årdal (70) har samla 40 fotturar i Borgund i eit hefte. 70-åringen fortel at det ligg fleire hundre timar bak arbeidet. Foto: Jan Christian Jerving. 
FRILUFTSMANN: Åge Årdal (70) har samla 40 fotturar i Borgund i eit hefte. 70-åringen fortel at det ligg fleire hundre timar bak arbeidet. Foto: Jan Christian Jerving. 

Åge har samla på 40 turar i Borgund​

«Ut på tur i Borgund – til bygda med stavkyrkja», er fororda til Åge Årdal (70) i det nye turheftet som er kome ut i desse dagar.

Borgund: Etter mange år med registrering av data og arbeid med å finna vegane og stiane til stølane som tilhøyrde gardane i Borgund, har heftet endeleg blitt ein realitet siste året.

Gardane i Borgund har frå gamalt av vore små bruk som ligg 400-500 meter over havet. Mange vil karakterisere gardane som fjellgardar.

– Som pensjonist i Borgund og med tid til vandring i fjella her, fekk eg interessa for stølsvegar, stølar og kulturminner som dei representerer, fortel han. 

Kulturminner

Resultatet av interesse er blitt til dette heftet, som no er gitt ut. Her finn ein oppteikning av kart, bilete og skildring av stølsvegen opp mot turmålet. 

I Borgund var det også mange husmannsplassar. Dette gjorde det naudsynt å utnytte naturen og fjella som del av livsgrunnlaget. Difor har det i fleire hundre år vore ei aktiv stølsdrift med vår- haust- og fjellstølar. 

Artikkelen held fram under biletet.

GODT ARBEID: Årdal har gjort eit nøye arbeid med å dokumentere rutene og teikne dei inn på kartet.
GODT ARBEID: Årdal har gjort eit nøye arbeid med å dokumentere rutene og teikne dei inn på kartet.

Stølsdrifta vart avslutta i på 1950-talet. Når det ikkje lenger var drift, har stølsbygningane forfalle, medan stølsvollane og -vegane har grodd att. Restane er kulturminner om dei gamle tidsepokane.

Hundrevis av timar ligg bak

Det er hit Årdal vil lokka det ut på tur med dette heftet, der han har samla 40 fotturar. Bak det heile ligg mange timar med dignar.

– Eg har brukt fleire hundre timar på å teikne, måle opp og samle inn data til dette heftet, og då har eg ikkje rekna inn alle timane ute i skog og mark med rydding og merking, seier 70-åringen.

Artikkelen held fram under biletet.

ILLUSTRERT: Turane er godt illustrert i heftet.
ILLUSTRERT: Turane er godt illustrert i heftet.

Årdal har alltid vore ein ivrig friluftsmann. Då han budde i Oslo, var han turleiar på private turar for vener og arbeidskameratar i Hydro. Då han flytta til Borgund i 2010, var han leiar i Lærdal turlag.

– Kva blir neste prosjekt?

– Eg veit ikkje, men det kunne vore interessant å laga ein meir omfattande dokumentasjon av stølane i Borgund. 100 stølar i Borgund? føresler han.

Til toppen