FARMEN: Agna Hollekve (47) frå Sogndal blir i haust å sjå på TV-skjermen som Farmen-deltakar. Her saman med programleiar Gaute Grøtta Grav.
FARMEN: Agna Hollekve (47) frå Sogndal blir i haust å sjå på TV-skjermen som Farmen-deltakar. Her saman med programleiar Gaute Grøtta Grav. (Foto: Espen Solli/ TV 2)

Agna (47) og Leif (53) skal kjempa om tilværelsen på Farmen

Sogndølen er ein av 14 håpefulle som skal kjempa om bil og hytte i realityprogrammet Farmen.

Sogndal: Laurdag la TV 2 fram årets Farmen-deltakarar. Blant dei var 47 år gamle Agna Hollekve frå Sogndal og 53 år gamle Leif Haugo Stavenjord frå Årdal. 

Om 14 veker kan du sjå dei to sogningane på TV-skjermen saman med 12 andre deltakarar. Denne gongen skal dei reisa tilbake til året 1919, og driva garden Lundereid, som ligg omlag to mil utanfor Kragerø i Telemark.

I haustens sesong er teke den økonomiske og nasjonalromantiske optimismen som kom etter første verdskrig. Kjærlighet og romantikk er viktige stikkord for Farmen 2019, lovar produsent TV 2. 

Hollekve er sjølvstending næringsdrivande og busett i Sogndal. Ho beskriver seg sjølv som ei dame med godt humør, som er lidenskapeleg oppteken av dølahest og ikkje redd for å ta i eit tak.

Men éin ting er ho ikkje fan av. 

– At eg har kunnskap med hest kjem eg til å vera heilt open om. Men det er éin ting eg kojem til å skjula, og det er at eg er livredd høner, sa ho. 

Årdøl har mål om å vinna

Leif Haugo Stavenjord sa til TV 2 at han har tenkt på å søka fleire gonger. Han har gått så langt at han faktisk har skrive søknad, men ikkje sendt han. 

Denne gongen skulle han eigentleg søkja saman med kona, men ho ombestemte seg i siste liten. Målet hans er klart:

– Vinna. Eg har ikkje tenkt å kasta vekk tolv veker. Eg skal vera meg sjølv, og eg er forholdsvis kald og hard i hovudet. Og så har eg bestemt meg for å halda meg langt unna alt som heiter for alliansar og tullball, sa han. 

Til toppen