GULL: Agna Hollekve og Rånni Pånni gjorde nesten reint bord på Dølahest-NM i helga. Siger i tre av fire greiner gav samanlagtsiger i seniorklassen.
GULL: Agna Hollekve og Rånni Pånni gjorde nesten reint bord på Dølahest-NM i helga. Siger i tre av fire greiner gav samanlagtsiger i seniorklassen. (Foto: Privat)

Agna og Rånni Pånni tok NM-gullet heim til Sogndal

– Det er vel det største eg har klart.

Sogndal/Stav: – Ambisjonen er alltid siger, veit du. Men det er langt derifrå til å greia å gjennomføra, seier Agna Hollekve frå Sogndal.

I helga stakk ho av med sigeren i Dølahestmeisterskapen, eit slags NM for dølahestar som blir arrangert ein gong i året. I år var det rekordstor deltaking, med over 250 startar fordelt på tre dagar.

Gir ei stor del av æra til hesten

Hollekve vann tre av fire greiner og stakk dermed av med samanlagtsigeren i seniorklassen.

– Det kjennest bra. Eg er trøtt og sliten akkurat no, men det er bra det, når alt er ferdig, seier Hollekve

Ho seier fleire på laget oppnådde gode resultat. 

Ho har vunne Dølahest-NM to gongar tidlegare. Dette var første gong med hesten Skjævevastad Ronson, til vanleg kalla Rånni Pånni. Tiåringen får ein stor del av æra for resultatet:

– Eg kan jo ikkje springa sjølv, seier Hollekve, og ler godt.

– Han har oppført seg eksemplarisk i helga, og det er ikkje sjølvsagt med denne hesten. Han finna på både det eine og det andre, seier ho

– Største eg har klart

Ho seier det går med ein del tid til trening, spesielt på våren. I år har dei òg reiste ein del rundt for å få ein del stemneerfaring før NM.

– Og så brukar me hestane mykje, seier Hollekve, som driv ein gard i Sogndalsdalen.

Av dei tre meistertitlane ho har er det denne ho set høgast.

– Eg vil seia at tre delsigrar, som me greidd i helga, det er vel det største eg har klart. Særleg med tanke på kor mange som var med denne gongen, seier ho. 

Til toppen