NYTT LOKALE: Agnitio har flytta inn i nye lokale på Torget i Øvre Årdal.
NYTT LOKALE: Agnitio har flytta inn i nye lokale på Torget i Øvre Årdal. (Foto: Synne Asheim Haga )

Agnitio har teke i bruk nye lokale: – Det er heilt suverent

Det seier Arne Håkon Laberg, dagleg leiar i Agnitio

Årdal: Lokalet dei har teke i bruk har stått tomt i tre år, men no har Agnitio flytta inn. 

– Leigeavtalen vår i Årdalsvegen var i ferd med å gå ut, men så fekk me til ein gunstig avtale her. Det er jo veldig sentralt då, midt på torget, seier Laberg.

Agnitio er veldig nøgde med å koma seg inn i det gamle bankbygget.

– Me har brukt ein del peng på å pussa opp, men det blir ikkje så mykje dyrare å bu her enn i det gamle lokalet, seier Laberg.

Sjå bildegalleri nederst i saka.

Ny rekord på omsetning i 2017

Det førre lokalet har husa Agnitio sidan 1998, men no var det på tide med ei endring.

– Me har fått ny logo og ny profil, så får me sjå om det gjev nokon effekt. Bedrifta har eigentleg hatt fint vekst kvart einaste år, seier Laberg.

NØGD: Dagleg leiar, Håkon Arne Laberg. Foto:  Synne Asheim Haga

I fjor hadde dei sitt beste år nokon sinne.

– Me omsette for vel 41 millionar kroner, og sat att med så pass at me kunne veksa endå meir. Det ser ut til at me endar på det same i år, kanskje meir, seier han. 

Skal til Damvoktaren etter seminaret

Saman med Årdal næringssamskipnad har dei invitert til seminar om digitale trendar, truslar, og IT-sikkerheit. Etterpå inviterar dei gjengen opp til Damvoktaren.

– Me har hatt seminar med masse fag dei siste 16 åra, men no skal me kosa oss litt meir. Litt meir intimt. Kokken Frode Haga er med oss, og han lagar kjempegod mat, seier Laberg.

Dei som blir med dit er både kundar og leverandørar.

– Me er rundt 45 personar som bur tett på oppe i fjellheimen, og alle er veldig nøgde med både naturen og konseptet.  

Til toppen