SÅPEGLATT: I tolv sekund stod sjåfør Kai Roger Gjelsvik på bremsene, utan sjanse til å stoppe på det spegelglatte føret.

«Åi» seier lastebilsjåføren – tolv sekund seinare smell det 

Video viser kor såpeglatt vegen var då fem lastebilar og ein personbil kolliderte i Lærdal for knappe to veker sidan.

Lærdal: – Eg trykte på bremsa og skjønte det var berre ein ting som kom til å skje, og det var at det kom til å smella, seier Kai Roger Gjelsvik.

Sjåføren frå Balestrand har hatt dashbordkamera i lastebilen i mange år, utan å eigentleg å hatt bruk for det. Inntil for to veker sidan, då kameraet fanga dramaet då fem vogntog og ein varebil støytte saman i Lærdal.

Det var NRK som først publiserte videoen frå dashbordkameraet.

HELL I UHELL: Kai Roger Gjelsvik er glad han og dei andre involverte kom frå ulukka med livet i behald. Foto: Odd Helge Brugrand

Fekk tolv sekund til å tenka

Gjelsvik var på veg ned Lærdalsdalen då han plutseleg såg at heile vegbana var sperra. 

Frå Gjelsvik reagerer med eit første «åj», går det heile tolv sekund før samanstøyten. Då får du litt tid til å tenka.

– Eg skjønte at eg måtte prøva å gjera minst mogleg skade på personbilen. Treff eg den, tenkte eg, så er det ikkje godt å vita kva som skjer med han som er inni, seier Gjelsvik.

Han greidde å styra ut i autovernet, medan han berre så vidt sneia borti bakskjermen på bilen som stod der. Så såg han ein ny trailer nærma seg i sidespegelen.

– Han køyrte inn sida på meg og vart styrt beint i fronten på personbilen, seier Gjelsvik.

På videoen ser me at den kvite varebilen kjem skliande som ei curlingkule på skøyteisen etter kollisjonen, berre hindra av autovernet og dei andre køyretøya.

SMADRA: Varebilen fekk den tøffaste støyten i kjedekollisjonen. Foto: Odd Helge Brugrand

Aldri opplevd verre

Gjelsvik fortel at han fjerna kjettingane på hjula etter kolonnekøyringa over Hemsedalsfjellet. Ingen av dei involverte kunne forutsjå den spegelblanke vegbana som skulle møta dei nokre kilometer seinare.

– Det har vore glatt før, men så gale som dette der har eg aldri vore borti, seier Gjelsvik, som har køyrt lastebil i ti år.

Sjølv om kollisjonen var voldsom, seier Gjelsvik at han ikkje har noko problem med å vera ute på vegen att.

– Det var ikkje så skremmande som eg hadde trudd at det skulle vera. Eg såg ganske fort etter samanstøyten at sjåføren i personbilen hadde kome seg ut, at han ikkje var i bilen då eg traff han. Det trur eg letta mykje på blodtrykket, seier han.

To personar vart skadde i ulukka. NRK melder at ein av dei framleis ligg på Haukeland universitetssjukehus.

(Foto: Odd Helge Brugrand)
(Foto: Odd Helge Brugrand)
(Foto: Odd Helge Brugrand)
HELL I UHELL: Kai Roger Gjelsvik er glad han og dei andre involverte kom frå ulukka med livet i behald. (Foto: Odd Helge Brugrand)
(Foto: Odd Helge Brugrand)
(Foto: Odd Helge Brugrand)
SMADRA: Varebilen fekk den tøffaste støyten i kjedekollisjonen. (Foto: Odd Helge Brugrand)
(Foto: Odd Helge Brugrand)
(Foto: Odd Helge Brugrand)
(Foto: Odd Helge Brugrand)
(Foto: Odd Helge Brugrand)
Til toppen