USYNLEG: Johan Bakke var ein av spelarane frå Sogndal som var med på kampen mot Akershus.
USYNLEG: Johan Bakke var ein av spelarane frå Sogndal som var med på kampen mot Akershus.

Akershus blei for sterk for Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane gjekk på eit 1 - 3 tap mot Akershus med 4 sogndalspelarar på laget.

NFF Sogn og Fjordane - NFF Akershus 1 - 3

Sogndal: Kretslaget til Sogn og Fjordane spelte årets første kamp i Nasjonal G14 divisjonen. Divisjonen består av kretslag i frå dei fleste fylker i landet. Laget til Sogn og Fjordane hadde fire Sogndal spelarar med seg, Johan Bakke, Iver Skorve, Spencer Skjeldestad og Henrik Kongelf, men under mesteparten av kampen var alle desse spelaren usynlege. 

Jubel rett før slutt

MÅLSKÅRAR: Kristoffer Stranden skåra Sogn og Fjordane sitt einaste mål.
MÅLSKÅRAR: Kristoffer Stranden skåra Sogn og Fjordane sitt einaste mål.

Sogn og Fjordane hadde det tøft med å holde følgje med tempoet til Akershus og det såg ut som laget ikkje klarte å kommunisere og samarbeide godt nok til å ta seg fram til målet til motstandaren.

Etter 25 minutt var det derfor også Akershus som opna skåringen. Akershus fekk ikkje altfor mange sjansar, men sjansane blei utnytta godt. Rett før pause var det igjen Akershus som kunne juble og Sogn og Fjordane måtte endra spelet viss dei ville ha komme tilbake. 

Dette skjedde ikkje og det var Akershus som fortsatte å ha kontroll på kampen. Derfor var det ikkje overraskande då stillinga blei 0 - 3 etter 62 minutt. Rett før slutt var det likevel noko å juble for då Kristoffer Stranden skåra Sogn og Fjordane sitt einaste mål.

Neste kamp er borte mot Sunnmøre på laurdag.

Til toppen