ORIENTERER: Ståle Einarsen og Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistene.
ORIENTERER: Ståle Einarsen og Harald Pedersen i Arbeidsmiljøspesialistene. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Her legg dei fram barnevernsrapport

Sidan april har dei prøvd å finne årsaka til arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern. I dag la dei eksterne granskarane fram resultata.

Sogndal: Konsulentselskapet Arbeidsmiljøspesialistane presenterte i dag rapporten om Sogn barnevern. Oppdraget var å finne ut kvifor konfliktar fekk prege organisasjonen frå starten i 2008 til 2016, då omtrent alle tidlegare leiarar og tilsette var skifta ut.

– Eg håpar me gjennom dette kan få ei felles forståing om tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern og korleis me kjem oss vidare, sa ordførar Jarle Aarvoll før dagens orientering.

Presentasjon av barnevernsrapport
Presentasjon av barnevernsrapport Foto:  Halvor Farsund Storvik

Omfattande gransking

Rapporten var bestilt av politikarane i kommunestyret. Arbeidet tok til i april og vil koste kommunen 1,2 millionar kroner.

Eit samla kommunestyre og kontrollutval fekk i dag presentert innhaldet i rapporten av dei to eksterne granskarane Harald Pedersen og Ståle Einarsen i Arbeidsmiljøspesialistene.

Dei kunne fortelle at dei ikkje hadde noko som helst kjennskap til saka då dei starta, men at dei raskt skjønte det var ei komplekst oppdrag dei hadde takka ja til. Eit oppdrag som ikkje vart mindre omfattande då dei sette seg eit mål om å snakke med alle som hadde jobba i barnevernet i perioden.

– Vi har gjennomført 54 såkalla kartleggingssamtalar i saka, opplyste Harald Pedersen i innleiinga.

Kollegaen Ståle Einarsen supplerte at referata frå dei samtalane tel 250 sider.

– Vi kunne ha halde på i årevis skulle vi ha gått inn i alle detaljar, opplyste han.

Peika ikkje ut syndebukkar

Då dei la fram den overordna oppsummeringa av rapporten, understreka dei at dei færraste unngår kritikk, verken leiarar, tilsette, arbeidsgjevar, eller tredjepartar som Arbeidstilsynet og Bedriftshelsetenesta.

– Slik sett er den rettferdig. Men det skulle òg berre mangle, med tanke på kor sterke konfliktar dei har stått i, utdjupa Einarsen.

I orienteringa var dei likevel forsiktige med å trekke fram syndebukkar eller skildre konkrete eksempel på kva som hadde gått gale. Dei som hadde venta på klare konklusjonar vil nok bli skuffa.

Likevel, den eine konsulenten greip til ein talande metafor då han skulle skildre korleis kommunen hadde handtert dei mangeårige konfliktane.

– Det nyttar ikkje å pusse ei tann det er verk i. Det har vi opplevd at kommunen har gjort i denne saka. Dei har dytta på problema, i staden for å gripe tak i dei, sa Pedersen.

– Interessante læringspunkt

No skal rapporten overlevarast til kontrollutvalet. Dei vil sende den til KS for å få ein vurdering av kva delar av rapporten som kan gjerast offentleg.

Etter kvart skal saka opp til politisk handsaming.

– Det er mange interessante læringspunkt. Dei skal vi granske grundingare og ta med oss, sa rådmann Jostein Aanestad.

Til toppen