MAGISK: Karl Seglem, Jorunn Barane og Jonas Howden Sjøvaag skapte ein magisk augneblink med konserten Tidlaust landskap på hybridferja Fjordsyn. Foto: Nynorske litteraturdagar.
MAGISK: Karl Seglem, Jorunn Barane og Jonas Howden Sjøvaag skapte ein magisk augneblink med konserten Tidlaust landskap på hybridferja Fjordsyn. Foto: Nynorske litteraturdagar.

– Akkurat så magisk som eg hadde håpa

Prosjektleiar for Nynorske litteraturdagar, Torunn Todal Laberg, er nøgd med årets festival.

Aurland: I det som var eit fullspekka program var det kanskje éin ting som skilde seg litt ekstra ut.

For verkeleg å få maksimalt ut av årets tema «overskriding», skulle det foregå eit ganske så unikt prosjekt midt ut på fjorden med Karl Seglem, Jonas Howden Sjævaag og Jorunn Barane i hovudrolla.

Scena var minst like spesiell, nemleg på hybrid-ferja «Fjordsyn» i eit tidlaust landskap som Nærøyfjorden kan by på.

– Tidlaust landskap med Karl Seglem, Jorunn Barane og Jonas Howden Sjøvaag var akkurat så magisk som eg hadde håpa. Det var litt kaldt og vinden auka på under konserten, men denne konserten måtte foregå ute, fordi landskapet og fjorden spelte ei heilt sentral rolle, seier Laberg.

RØYST: Jorunn Barane las tekstar basert på norrøne forteljingar, huldresegner og eigen poesi. 
RØYST: Jorunn Barane las tekstar basert på norrøne forteljingar, huldresegner og eigen poesi. 

Ville spela ute

Ved hjelp av vanleg motorkraft kjem båt seg ut på fjorden, men i det han går inn i verdsarvområdet, er det straum som driv ferja framover. Det er med andre ord ikkje ein einaste lyd, anna enn det naturen sjølv byr på og sjølvsagt musikarane.

– Musikarane sjølve var heilt sikre i si sak – dei ville spela ute, fortel festivalleiaren, som leia Nynorske litteraturdagar for andre og siste gong i år.

Samarbeid med reiselivet

Det at konserten, med tekstar basert på norrøne forteljingar, huldresegner og eigen poesi, og med eit urlandskap som kulissar, foregjekk på eit hypermoderne fartøy, var eit paradoks til inspirasjon.

– Eg håpar denne typen prosjekt kan inspirera andre arrangørar til å inngå samarbeid med reiselivet for å få til slike ting som dette. The Fjords og Flåm AS har vore svært velvillige, og det er me takksame for, seier ho og legg til at Aurland Sparebank har bidrege for å realisere konserten. 

Til toppen