IKKJE UROA: Det var strategien av strategien til Akraft å gå i minus dei tre første åra. Likevel var underskotet i 2017 i overkant av det dei hadde forventa. Dagleg leiar Ørjan Bøyum er likevel ikkje uroa.
IKKJE UROA: Det var strategien av strategien til Akraft å gå i minus dei tre første åra. Likevel var underskotet i 2017 i overkant av det dei hadde forventa. Dagleg leiar Ørjan Bøyum er likevel ikkje uroa. (Jan Ove Breingsnes)

Akraft dobla omsetninga på eitt år, men gjekk i dundrande underskot

– Me er ikkje nøgde, men det er ikkje urovekkande, seier den daglege leiaren. I 2018 budsjetterer han å gå i pluss.

Lærdal: Sidan starten i 2014 har Akfraft auka omsetninga frå 0 til 77 millionar kroner. Samstundes har tapa vakse, i fjor enda dei på 13,1 millionar i minus.

– Me går med underskot, men det er ei investering. Frå og med 2018 budsjetterer me med positiv butikk, så får me sjå korleis det endar. Men me skal framleis veksa, seier dagleg leiar Ørjan Bøyum.

Akraft er et landsdekkande kraftselskap som vart oppretta i 2014. Firmaet er eigd av Lærdal Energi, som Lærdal kommune eig halvparten av aksjane i. I fjor dobla dei omsetninga frå året før.

– Det er me veldig nøgde med, seier den daglege leiaren.

Han seier det ikkje til å unngå vaksesmerter for eit ungt selskap.

Slik forklarer han underskotet

Sjølv om dei har budsjettert med underskot, var det ikkje planen at det skulle vera så stort, nærare 13 millionar i 2017.

– Me er ikkje nøgde, men det er ikkje urovekkande, seier Bøyum.

Han har to hovudforklaringar på at tapet vart større enn venta. For det første hamnar ein del av omsetninga i 2017 først i rekneskapen for 2018. For det andre har dei valt å føra ein del rekningar som tapte. Dette er pengar dei ikkje forventar å få inn frå kundar som ikkje betalar for seg. Ved å avskriva desse, som det heiter, unngår selskapet å skatta på omsetning som ikkje er reell.

– Me tok ganske mykje no i 2017, for å ikkje ha den ballasten med oss vidare, seier Bøyum.

Null toleranse for useriøse selgarar

Tida då det var nok å ligga på toppen av kraftprislistene er forbi, trur Bøyum. I staden må det eit stort apparat i sving for å skaffa kundar. Til saman har dei 120 selgarar gjennom dei 5-6 leverandørane dei samarbeider med.

– Det er ein ganske stiv pris per kunde me skaffar oss, seier Bøyum.

Salet føregår dør-til-dør, på telefon og gjennom såkalla affiliatenettverk. Den aggressive veksten har òg påverka omdømet til selskapet. På nettsida Bytt.no har Akraft 2,1 av 5 stjerner, og enkelte kunder klagar på masete og useriøse selgarar. 

– Det er ikkje noko me ønskjer å ha på oss, seier Bøyum.

– Eg vil ikkje seia at me er agressive, men me har høg aktivitet. Då får me òg eit ròte egg blant selgarane innimellom. Me har null toleranse for slike ting, så dei får fyken igjen med ein gang, seier Bøyum.

– Føler me er på god veg

Milepælen til selskapet var å nå 50.000 kundar innan 2017, tre år etter oppstarten. Dei kom ikkje lenger enn til 30.000.

Men Bøyum minner om at dei allereie er store i fylkessamanheng, og dei har ingen planar om å stoppa.

– Energibransjen er i endring, og det å ha fleire bein å stå på, blir utruleg viktig. Å tru at du kan leva av ein portefølje på 2000-3000 kundar, det går ikkje lenger. Me har gått frå 5000 kundar i 2012-13 til 30.000 i utgangen av 2017. Eg føler me er på god veg, det er veldig mykje positivt, seier Bøyum. 

– Me skal levera pluss frå og med 2018, og det budsjetterer me med, seier han.

Til toppen