VANGANE OPP: Laurdag går Vangane Opp av stabelen i Lærdal. Dette er eit motbakkeløp for barn og unge. Foto: Jan Christian Jerving.
VANGANE OPP: Laurdag går Vangane Opp av stabelen i Lærdal. Dette er eit motbakkeløp for barn og unge. Foto: Jan Christian Jerving.

Aktiv helg for store og små i Lærdal

I helga er det berre å snøre på seg trimskoa og kome seg ut i Lærdal.

Lærdal: For det er litt av kvart som skjer denne helga med Vangane Opp laurdag og Lærdalsløpet søndag. Med det ligg det an til ei aktiv helg for både store og små.

Vangane Opp er eit motbakkeløp for barn og unge, der dei spring til Øvre Vangen. Nokre konkurrerer også på tid. Om du verken kvalifiserer som barn eller ung, kan du framleis vere med – om du torer, som idrettslaget skriv.

Det er friidrettsgruppa i Lærdal IL og Barnas Turlag som samarbeider om løpet. Om du ikkje vil springa på tid, kan du rusle opp med turlaget. På toppen blir det garantert pølsegrilling på alle og einkvar.

Artikkelen held fram under biletet.

LÆRDALSLØPET: Søndag går den 35. utgåva av Lærdalsløpet av stabelen. Her handlar det først og fremst om å få folk ut av godstolen, og på vegen kan ein også trimma hjernecellene.
LÆRDALSLØPET: Søndag går den 35. utgåva av Lærdalsløpet av stabelen. Her handlar det først og fremst om å få folk ut av godstolen, og på vegen kan ein også trimma hjernecellene.

Søndag tek Lærdalsløpet over stafettpinnen. Her handlar alt om å få folk ut av godstolen og ut i gatene og naturen i Lærdal. 

Startskotet går ved Lærdalsøyri skule, før det ber oppover mot Hunderi og Hauge. Langs løypa er det også sett ut quizpostar slik at dei små grå også får trimma seg.

Dei aller sprekaste kan også konkurrere på tid. 

Til toppen