RETTSAK: Ein mann frå Indre Sogn står fredag for retten i Sogn og Fjordane tingrett, tiltalt for brot på vegtrafikklova.
RETTSAK: Ein mann frå Indre Sogn står fredag for retten i Sogn og Fjordane tingrett, tiltalt for brot på vegtrafikklova. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

Politiadvokat krev betinga fengsel og bot for mannen som køyrde på syklist

Sjåføren av bilen som køyrde på ein 87 år gamal syklist i Raudeberg tunnelen i 2017 står fredag for retten i Sogn og Fjordane Tingrett.

Sogndal: Mannen, 28, er tiltalt for brot på vegtrafikklova etter ulukka i Raudebergtunnelen i 2017. Syklisten som var påkøyrd, omkom etter skadene han fekk. 

Politiadvokat Sissel Kleiven har lagt ned påstand om på at mannen bør dømast etter tiltalen, brot på vegtrafikklova. Forvarsadvokat Jan Tollefsen kravde at tingretten må frikjenna han. Det skriv Sogn Avis som først melde om saka. 

Tingretten skal ta stilling til om det var eit hendeleg uhell eller brot på vegtrafikklova sin paragraf 3, at ein skal vera hensynsfull, aktsam og varsom i trafikken. 

Det kom fram i tingretten at det var ganske mørkt inne i tunnelen då ulukka skjedde, og at syklisten som vart påkøyrd, ikkje hadde på seg refleks og sykkelen var utan lys. 

Spesiell sak

Etter ulukka skjedde i 2017 vart saka etterforska og lagt vekk av politiet. Riksadvokaten omgjorde sidan vekklegginga.

I ei sak på Porten.no i september sa forsvarsadvokat Jan Tollefsen at det er ei spesiell sak. 

– Dette er ei sak som opprinneleg har vorte lagt vekk politiet, og som seinare vart omgjort av riksadvokaten. Så det er ei litt spesiell sak.

Retten held fram fredag. 

Til toppen