FLYKTNINGDEBATT: Ketil Thorbjørnsen kastar seg inn i flyktningdebatten med den nye singelen «Svik» som kjem ut torsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
FLYKTNINGDEBATT: Ketil Thorbjørnsen kastar seg inn i flyktningdebatten med den nye singelen «Svik» som kjem ut torsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Aktuell med ny singel: – Eit motsvar i flyktningdebatten

Ketil Thorbjørnsen let seg provosere av Sylvi Listhaug. Difor slepper han den nye singelen «Svik» torsdag. 

Årdal: – Låten vart laga allereie i februar då flyktningstraumen var på sitt heftigaste og ingen hadde heilt oversikt. At låten vert slept no? Eg blir så provosert når eg les om Sylvi Listhaug som jaktar flyktningar og alt det der. Då er denne låten eit motsvar til dei ultrablå, fortel Thorbjørnsen.

Torsdag vert singelen «Svik» tilgjengeleg for folk. Låten er ein del av den nye plata som kjem på nyåret, men på grunn av alt som skjer i innvandringsdebatten, klarte ikkje Thorbjørnsen å vente med å gi ut singelen. 

– Det er ikkje så mykje eg føler eg får gjort. Me har hatt støttekonsertar, og dette er noko me brenn for. Det er umogleg ikkje å leggje merke til det som skjer i verda, legg han til. 

NY SINGEL: Den nye singelen har fått namnet «Svik».
NY SINGEL: Den nye singelen har fått namnet «Svik».

– Hjelpe dei som treng det

I desse dagar ser ein rystande bilete frå Syria der sivile vert drepne i krigen i Aleppo. Samstundes rasar debatten i Noreg om grenser som skal stengast og flyktningar som skal sendast ut. 

– Eg vert provosert av det eg ser frå Sylvi Listhaug og måten ho brukar Facebook på, så då hiv eg meg på debatten eg også. Bodskapen i teksten er å hjelpe dei som treng det. Korleis vil det gå dersom me berre let att augo for det som skjer?

«Svik» tar for seg eitt av mange viktige tema på det nye albumet til Thorbjørnsen som har fått namnet «Vi treng trøyst». Her tar han for seg alt frå flyktningpolitikk, til narkomani og sjølvmord.

– Det er ganske dystert, men me avsluttar me ein låt som heiter «Me klarar det no», som handlar om at alt går bra så lenge me står saman, fortel han.

Meir standhaftige

Dette er det andre albumet til «Verdsmannen» som han vert kalla etter namnet på den første plata. 

– Me har fått ein veldig bra heilskap i det. Alf Magne Hillestad produserer, og det er gull verdt. Me er stolte av den første plata, men visste ikkje så mykje om kva me dreiv med då. No har me med oss kyndige folk og legg meir økonomi i det.

– Hovudforskjellen er at me denne gongen får gjennomført mange fleire av ideane me hadde første gongen. Då heldt me på i 10 minutt med ein idé, så fekk me det ikkje til og dreit i det. No har me vore meir standhaftige. Det er desse små detaljane som til slutt gjer det til eit bra produkt. 

Om ikkje anna skjer, vil det nye albumet vere ute på marknaden i februar neste år. 

Høyr låten hans her

Til toppen