PLATEAKTUELL: Karl Seglem og hans Acoustic Quartet gir fredag ut det tredje albumet i trilogien. Albummet har fått namnet «Nordic Balm» og får strålande kritikkar. Foto: Ina Eirin Eliassen.
PLATEAKTUELL: Karl Seglem og hans Acoustic Quartet gir fredag ut det tredje albumet i trilogien. Albummet har fått namnet «Nordic Balm» og får strålande kritikkar. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Aktuell med nytt album – får strålande kritikk

Karl Seglem og hans Acoustic Quartet gir fredag ut det tredje albumet i trilogien. Albummet har fått namnet «Nordic Balm» og får strålande kritikkar.

Årdal: – Det er eg sjølvsagt veldig glad for og stolt over, seier årdølen om platemeldinga i Aftenposten, der plata får terningkast fem.

– At ei innspeling og musikken vert løfta fram på denne måten, er først og fremst inspirerande og gir meg meir tru på at det eg held på med har verdi for andre og er bra, legg han til. 

«Nordic Balm» er intet mindre enn det 36. albumet i rekka. Saman med pianist Andreas Ulvo, bassist Sigurd Hole og trommis Jonas H. Sjøvaag har dei levert ei plate som vert skildra som «kontrastrik instrumentalmusikk med poetisk nerve, skapt for drømmeri og tankens improvisasjon» av kritikar Svein Andersen i Aftenposten.

Går sin eigen veg

Men det Seglem set mest pris på er formuleringa «frigjort frå etablerte kodar».

– Eg er glad for den setninga som seier at eg har gått mine eigne vegar og stolar på det. Det er fint å lesa at nokon høyrer og ser dette, seier han.

Jazzmusikaren er kjend for nettopp det – å gå sine eigne vegar og å skapa nye musikalske uttrykk innanfor jazzsjangeren. 

– Eg føler sjølv eg gjer det, men det er ikkje dermed sagt at musikken er vanskeleg. Mange har kanskje inntrykk av det, men i denne kvartetten har me dyrka fram gode melodiar og komposisjonar. Eg prøver alltid å tenkje mykje melodi, legg Seglem til.

Hentar inspirasjon frå naturen

Inspirasjonen hentar han frå naturen. Med bakgrunn frå Årdalstangen, som han framleis besøker stadig vekk, er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor.

– For meg er det ikkje klisjé å seie at eg er knytt til naturen og brukar han som inspirasjonskjelde. Eg er glad i å vera i naturen, vera ute og ikkje minst jobba i naturen, som til dømes i hagen. 

– At eg er vaksen opp på Årdalstangen er med på å forma meg og identiteten min og har heilt sikkert gjort til at musikken læt som han gjer. Eg er oppteken av klang, og av å skapa min eigen klang.

– Eit kollektiv som dreg lasset saman

Albumet, som dei fire karane står bak, er spelt rett inn i studio. Det er i liten grad lagt på noko i etterkant. Det er det kanskje ikkje behov for når ein har spelt saman i åtte år.

– Det kan ein høyre på plata. Dette er kanskje den mest homogene så langt, men samstundes variert. Kvar nye plate er den beste, men denne er eg veldig stolt av, spesielt at det er eit kollektiv som dreg lasset saman, fortel han.

No skal kvartetten ut på turné, og allereie i februar kjem dei til Sogn. Då skal dei opptre i kulturhus i Lærdal. 

– Det gler me oss til og håpar det kjem folk frå heile Sogn og høyrer på.

Til toppen