OMBYGGING: Lærdal aldersheim skal byggast om til bu- og omsorgsheim for mellom 32 og 38 millionar kroner. Foto: Arkiv. 
OMBYGGING: Lærdal aldersheim skal byggast om til bu- og omsorgsheim for mellom 32 og 38 millionar kroner. Foto: Arkiv. 

Aldersheimen skal byggast om for titalls millionar

Lærdal kommune skal bruka mellom 32 og 38 millionar kroner på å bygga aldersheimen om til bu- og omsorgsheim. 

Lærdal: Kommunen håpar på at ombygginga av aldersheimen skal vera ferdig sommaren 2017. 

– Dette er den største investeringa til kommunen i år. Me har lege bak dei aller fleste kommunar når det gjeld å byggja om aldersheim til omsorgsbustadar, seier Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal. 

​Prosjektet vart lagt ut på anbod tidlegare i april og har frist 23. mai. 

Ingen visuelle skilnadar

Trond Einemo i Lærdal kommune seier at går ut i frå at prosjektet kjem til å kosta mellom 32 og 38 millionar kroner. 

– Fasit har me ikkje og den endelege summen vert stadfesta etter anbodsfristen. Dette prosjektet har me pusha på lenge og det handlar om at me manglar eit trinn i omsorgstenesta i kommunen. Det er naudsynt med ombygging for å effektivisera den kommunale drifta, seier Einemo. 

Kommunen håpar på at ombygginga skal vere ferdig sommaren 2017. 

– Ombygginga kjem til å føregå innvendig, ikkje utvendig. Me ønskjer å ivareta utrykket som bygningen har og det kjem difor ikkje til å bli nokre store visuelle skildnadar, seier Einemo. 

Driftsmessige forandringar

Prosjektet er delt opp i fire fasar, og omfattar ombygging av sentralkjerne, ombygging og tilbygging av romfløy til omsorgsbustader, ombygging av den eldre delen av LAS til garderobar, møterom og lager, samt utomhusarbeider. Det står i anbodsbeskrivelen. 

– Det vil gå frå å vere instutisjonsbasert til heimebasert hjelp og føre til at det ikkje lenger er instutisjonen som styrer, men heimetenesten som tek seg av bruk og drift, forklarar Solheim. 

Ombyggingsprosjektet har vore planlagt lenge, og ordføraren syns det er veldig godt å endeleg kome i gong. 

– Prosjektet vil føre til driftsmessige forandringar. Det kjem til å kome andre tilskotsordningar som gjer at det blir billigare å drifta, seier Solheim. 

Kulturhistorisk interesse

Første etasjen av den eldste delen av Lærdal bu- og omsorgsheim skal byggast om til garderobar, møterom og lager, samt eit nytt teknisk rom.

Det skal og leverast ein totalrehabilitering av utvendige vegger, vindauger og dørar, samt taket på dette bygget som er tekka med dråpeskifer.

Gamle heimen er av kulturhistorisk interesse, og skal ombyggast og rehabiliterast med varsomheit, og i samråd med kulturmyndigheita i kommunen, går det fram i prosjektbeskrivelsen. 

Ombygging av eksisterande romfløy til omsorgsbustader består av eit areal på omlag 750 kvadratmeter. Her skal 70 kvadratmeter av eksisterande areal rivast.

I tillegg skal det byggast til omlag 340 kvadratmeter med areal som og skal brukast til omsorgsbustader, samt treningsrom til fysioterapi og ergoterapi. Det skal i tillegg byggast eit kjølt bygg for avfall sør for denne fløyen på omlag 20 kvadratmeter.

Denne delen krev og ei ombygging av teknisk rom på tak.

Nytt uteområde

Uteområde skal opparbeidast med park og parkeringsplassar, samt gangvegar og beplanting. Omlegging av trafikkmønster og parkering ved hovedinngang kjem til å bli på omlag 1000 kvadratmeter. 

Det vil bli eit nytt uteområde med opphaldsareal, parkering og parkanlegg for personale på omlag 1800 kvadratmeter. Terrassar, ramper og gangvegar til omsorgsbustader vil kome. Ein ny parkering for omsorgsbustader vil bli på omlag 500 kvadratmeter. 

Ombygging av sentralkjerna omhandlar eit areal på omlag 450 kvadratmeter. Av dette er 372 kvadratmeter eksiterande areal. Eit tidlegare uterom på omlag 73 kvadratmeter skal leggast glastak på og takast i bruk til nytt vaktrom.

Innhald i dette arealet er blant anna kontor, vaskeri, medisinrom, gangar og lager. Denne delen må utførast fyrst da vaskeridelen som i dag er i romfløyen skal inn her før romfløyen kan ombyggast. Ein skal og bygge ut teknisk rom på taket.

Til toppen