FLINKE SØKJARAR: Berre Nord-Trøndelag søkjer om meir spelemidlar enn Sogn og Fjordane. Det syner at vilja er stor i vårt fylke. Foto: Ina Eirin Eliassen. 
FLINKE SØKJARAR: Berre Nord-Trøndelag søkjer om meir spelemidlar enn Sogn og Fjordane. Det syner at vilja er stor i vårt fylke. Foto: Ina Eirin Eliassen. 

Aldri før ha fylket søkt om meir spelemidlar

– Me har svært sterk tradisjon her i Sogn og Fjordane for å bruke spelemidlar som finansieringskjelde, seier Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Fylket: Sogn og Fjordane søkjer i år om 218 millionar kroner i spelemidlar, 1981 kroner per innbyggjar. Det er meir enn nokon gong, og berre Nord-Trøndelag søkjer om meir per innbyggjar.

Lag, organisasjonar og kommunar i Sogn og Fjordane er flinke å nytte spelemiddelordninga både for å byggje og rehabilitere anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Berre Nord-Trøndelag søkjer om meir, men det er ikkje noko automatikk i at den som søkjer mest får mest, men tala syner at vilja til vedlikehald og byggjing av nye anlegg er stor i vårt fylke.

– Me har mange anlegg i Sogn og Fjordane, og då er det viktig å ta godt vare på dei. Difor er det svært gledeleg å sjå at mange av søknadane i år går på nettopp rehabilitering av anlegg, fortel rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede, i ei pressemelding.

Sterk tradisjon

Han legg til at fylket har sterk tradisjon for å bruke spelemidlar som finansieringskjelde.

– Mange anlegg for idrett, friluftsliv og generell fysisk aktivitet er bygde ved hjelp av desse midlane. Dei siste åra har klatreparkane som har dukka opp over heile fylket, vore særleg synlege resultat av spelemidlane, seier Skrede.

Spelemidlane er viktige for å oppfylle visjonen i den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – fysisk aktivitet for alle.

Mange nærmiljøanlegg

145 av årets søknadar frå Sogn og Fjordane gjeld såkalla nærmiljøanlegg. Det er anlegg som legg til rette for eigenorganisert fysisk aktivitet, og skal i hovudsak liggje der folk bur og oppheld seg. Det kan vere blant anna ballbingar, klatreparkar, sandvolleybaner og akebakkar. 

– Det syner at satsing gir resultat. Me besøker systematisk skular for å styrke uteområda der. Fylkeskommunen jobbar med saman med kommunane for å sjå på om korleis spelemidlane kan vere med å utvikle uteområda ved skulane, leggje til rette for meir aktivitet ved skulane og auke trivselen der, fortel Skrede.

Den samla søknadssummen i år er førebels på 218 604 762 kroner. Fylkeskommunen går i desse dagar gjennom søknadane, og sjekkar at dei er godkjende etter krava til Kulturdepartementet og har fått med den summen dei faktisk har rett på.

Sjølve tildelinga vert gjort i mai. 

Til toppen