REKORDVEKST: Sogn og Fjordane AUF har aldri vore større ein det er no etter ein auke på 20 prosent i 2016. Foto: Jostein Vedvik.
REKORDVEKST: Sogn og Fjordane AUF har aldri vore større ein det er no etter ein auke på 20 prosent i 2016. Foto: Jostein Vedvik.

Aldri før har AUF vore større i fylket

Etter ein auke på 20 prosent frå 2015, er Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) Sogn og Fjordane rekordstore. 

Fylket: Også i 2015 auke medlemsmassen ein god del. Då dobla dei nesten medlemstalet, medan i 2016 har auken halde fram med 20 prosent, skriv AUF i ei pressemelding.

– Det skal me bruka til å få større politisk gjennomslag i året som kjem, seier fylkesleiar Reidar Fugle Nordhaug i AUF i Sogn og Fjordane i pressemeldinga.

Dei voldsomme veksten gjer at AUF aldri har vore større i Sogn og Fjordane enn dei er no med 458 medlemmar. Med det er dei også det desidert største ungdomspartiet i fylket.

Meir påverknad

– Me ønskjer at så mange ungdom som mogleg skal få ein sjanse til å engasjere seg politisk, og det er inspirerande å sjå at me når ut til stadig fleire. Det er tydelig at ungdomen i fylket ikkje er einig med den usosiale blåblå politikken til høgresida, og ønskjer seg eit regjeringsskifte til hausten, seier Fugle Nordhaug. 

Med den voldsomme veksten reknar han med at AUF vil ha endå meir gjennomslagskraft og påverknad i Arbeidarpartiet og blir ei tydeleg røyst i samfunnet.

– Me skal bruke rekordmedlemstalet til å kjempe for ein betre kvardag for ungdom, gjennom billigare kollektivtrafikk, kulturtilbod og ikkje minst tiltak mot arbeidsløysa blant ungdom. 

Til toppen