«Éin og éin om gongen!»
Meldinga frå Raude kors-personellet er klar. Dei held stram kontroll. Utanfor døra til idrettshallen ventar spente lustringar på å få sin dise med Pfizer-vaksinen. Idrettshallen på Gaupne er omgjort til vaksinemottak. Inngangshallen blir brukt til registrering. Gjennom dobbeltdørene til idrettshallen blir ein så slusa inn til vaksinering.

KORONAVIRUS
Aldri før har så mange fått koronavaksine på éin dag i Luster. Slik går massevaksineringa føre seg
Idrettshallen på Gaupne er førebels forandra til vaksineringsmottak. Onsdag denne veka fullførte kommunen alle over 75 år, pluss nokon yngre i risikogrupper.