BÅT I SOLNEDGANG: Aurland Ressursutvikling går som det susar, og slår nye rekordar kvart år. Her er båten Vision of the Fjords, eig av datterselskapet the Fjords, på farten i Nærøyjorden.
BÅT I SOLNEDGANG: Aurland Ressursutvikling går som det susar, og slår nye rekordar kvart år. Her er båten Vision of the Fjords, eig av datterselskapet the Fjords, på farten i Nærøyjorden. (Bilde: Sverre Hjørnevik/Flåm AS)

Aldri har turisme vore så god butikk i Flåm som i 2017

Satsing på vintersesongen er i ferd med å gje uttelling. I fjor omsette turistverksemdene under Aurland Ressursutvikling for over 200 millionar kroner.

Aurland: I ei pressemelding skriv selskapet at dei i 2017 vaks i alle periodar av året, medan omsetninga på 211,8 millionar var soleklar ny rekord, heile 41,3 millionar meir enn i 2016. Driftsoverskotet auka med 44 prosent til 80,6 millionar kroner. 

Aurland Ressursutvikling

  • Vart etablert i 1997.
  • Flåm AS er eit dotterselskap av Aurland Ressursutvikling, og er eigd av Aurland Kommune, SIVA Eigedom Holding AS og Aurland Sparebank.
  • The Fjords er eit fellesføretak eigd av ARU og Fjord 1.
  • Flåm Utvikling (Flåmsbana) er eit fellesføreteak eigd av Aurland Ressursutvikling og NSB.
  • Flåm Hotell er heileigd av Aurland Ressursutvikling.
  • Myrkdalen Fjellandsby er 20 prosent eigd av Aurland Ressursutviling. 

– Den gledelege utviklinga har to årsaker. Det er fleire gjester, og høgre omsetnad per gjest enn tidlegare år, seier Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling i pressemeldinga.

Dei trur langsiktig satsing på marknadsføring, og på vintersesongen, har gjeve effekt. Sentrale verksemder som Fretheim hotell, Flåmsbana og dei som driv aktivitetar på fjorden, hadde alle god vekst.

– Posisjonen til Flåm som heilårsreisemål blir stadig sterkare, noko me trur vil bidra til fortsatt vekst, seier Hjelleflat, og legg til at satsinga på heilårsturisme krev store investeringar. 

Konsernet har på sikt mål om å levera positive resultat i alle dei fire tertiala i året. Ordrereserven for 2018 er no heile 45 prosent høgre enn på same tidspunkt i fjor.

– Med dagens utvikling har me trua på at me skal klara det, seier Hjelleflat.

I 2018 vil konsernet satsa sterkare på jula.

– I år vil alle attraksjonar vera opne og tilby opplevingar gjestene våre. Saman med andre lokale aktørar ynskjer me å tilby gjestane ei heilskapleg jul i Flåm og det arbeidet er allereie igangsatt, seier Hjelleflat.

Til toppen