STRAUMLAUS: Aluminiumsverket i Årdal var inne i ein kritisk fase i går då straumen var vekke i fire timar. Foto: Arkiv
STRAUMLAUS: Aluminiumsverket i Årdal var inne i ein kritisk fase i går då straumen var vekke i fire timar. Foto: Arkiv

Aldri opplevd liknande straumbrot

Situasjonen var svært kritisk på Hydro i Årdal fredag kveld. Laurdag førmiddag er dei kjemiske prosessane framleis ustabile og det blir jobba intenst med å stabilisere dei.

Fredag kveld var heile Årdal kommune mørklagt i nesten tre timar. På Hydro sitt aluminiumverk var situasjonen alvorleg då dei måtte bruke ein ekstra time for å få straum i  til elektrolysecellene. Straumen hadde då vore vekke  i fire timar.

Etter det Porten.no erfarer, har det ikkje vore straumbrot på over tre timar på kraftverket i Årdal nokon sinne.

- Elektrolysecellene er avhengig av straum 24 timar i døgnet, 365 dagar i året, seier Halvor Molland, kommunikasjonssjef i Hydro.

Les også: Straumen er tilbake: – No er me letta

Framleis ustabilt

Operatørane har jobba heile natta og morgontimane på laurdag med å stablisera dei kjemiske prosessane på verket.

- Elektrolyseprosessen er ikkje glad i endring og burde vere stabil heile tida. Det er difor avhengig av korleis anlegget responderar på tiltaka vi gjer, seier Molland.

Operatørane i Årdal er trena til å takle korte straumbrot, men jo lenger tid som går, desto vanskelegare vert det å stabilisere prosessane.

- Dei jobbar framleis med å stabilisere prosessen. Arbeiderane på Hydro var  fleksible og var på jobb lengre enn skifta sine. Mange har stått på heile natta. Det er ein krevjande prosess å stabilisere, men vi har dei beste folka til å gjere jobben, seier Molland.

Les også: Øvre Årdal i svart i tre timar

Sett i gang gransking

Kommunikasjonssjefen kan ikkje sei noko om årsaka til straumbrotet, men opplyser til Porten.no at dei har sett i gang ei intern granskingsgruppe som skal undersøkja situasjonen.

- Alle slike type saker vert undersøkt og så ser vi om det er noko som kan gjere anlegget meir robust. Dette er ein ekstraordinær situasjon. All honnør til operatørane som har bidrege til å løyse situasjonen, seier han.

Tilbakemeldingane har vore at folk har stått på i veldig stor grad og gjort ein god innsats.

- Det er viktig for oss å ikkje spekulere i kva som kan ha skjedd, situasjonen var svært kritisk på eit tidspunkt, seier han.

Ingen personar kom til skade under straumbrotet, skriv Hydro på sine heimesider. Dei skriv vidare at det er endå for tidleg å sei kor store dei øknomiske tapa vil vere.  Rundt 500 jobbar på Hydro sitt verk i Årdal.

Til toppen