MYKJE FOLK: Ludvig Indrebø var ein av 174 som deltok på samlagstemna på Årdalstangen. Skyttaren frå Farnes vann klassen V73. Foto: Knipenborg Skyttarlag.
MYKJE FOLK: Ludvig Indrebø var ein av 174 som deltok på samlagstemna på Årdalstangen. Skyttaren frå Farnes vann klassen V73. Foto: Knipenborg Skyttarlag.

Aldri vore større deltaking på samlagstemna

174 skyttarar deltok på samlagstemna til Knipenborg Skyttarlag.

Årdalstangen: Etter fem dagar med skyting på Årdalstangen, kan Robert Sandvik og Knipenborg Skyttarlag konkludere med ny deltakarrekord på samlagstemna. 

Dagane byrja med lokale skyttarar i alle aldrar før det byrja å renne inn med konkurrentar frå heile Indre Sogn fredag. Totalt var det 174 personar som sikta seg inn på premie i løpet av desse dagane.

– Eg har ikkje tala føre meg, men eg meiner me har vore oppe i 120, 130 deltakarar tidlegare år. No har me køyrt eit prosjekt her i Indre Sogn som heiter Landsskyttarstemnet 2015 til 2017. Me prøver å rekruttere så mange som mogleg og ha mest mogleg deltaking på landsskyttarstemnet i Førde i 2017. Då skal Indre Sogn vera dei som stiller med flest folk på skyting, fortel Robert Sandvik, leiar i Knipenborg Skyttarlag. 

FAMILIESPORT: Familien Njøs er eit godt døme på at dette er ein familiesport, der folk i alle aldrar kan delta.
FAMILIESPORT: Familien Njøs er eit godt døme på at dette er ein familiesport, der folk i alle aldrar kan delta.

Sport for heile familien

I dag rekrutterer dei unge og vaksne, og det er ein fordel at dette er ein sport for heile familien.

– Eit døme på det er familien Njøs med mor og far og tre ungar som deltok. Eldste barn er vel 14 år, og dei klarar seg fint på standplass og treng ikkje hjelp av mor og far. 

– Far min, Bjarne Sandvik, er 75 år og konkurrerer med dei som er 20 år yngre enn seg og hevdar seg. Me har deltakarar frå 8-9 år og opp til nærare 80 år, så det er eit kjempespenn, og me er ein stor familie som støttar kvarandre, fortel Sandvik vidare.

Viktig inntektskjelde

Trass stor trafikk, gjekk det greitt å avvikle arrangementet. Med nye system kan skyttarane melde seg på via nettet og velje sjølve når dei vil skyte. Slike arrangement er viktig for skyttarlaget.

– Det er her dei hentar inn kronene våre. Skyttarane betalar ein sum for å delta, der halvparten går til premie og resten til oss som arrangementsavgift. Bortsett frå enkelte dugnader, er det dette me tenar pengar på. 

Følgjande skyttarar kan kalla seg samlagsmeistar 15m 2016:

Rekrutt: Tor Kristian Dulsvik, Sogndal 345
Eldre Rekrutt: Trine Humlestøl Njøs, Leikanger 350
Junior: Herman Uglum, Sogndal 349
V65: Sigurd Hatlenes, Farnes 346
V73: Ludvig Indrebø, Farnes 350
Kl.1: Torbjørn Aasen, Fortun 249
Kl.2: Linn Marie Hjelmeland Øyrehagen, Norum 343
V55: Bjarne Sandvik, Knipenborg 347
3-5: Vegard Solhaug, Aurland 347

10 skudd pokal kl. 3-5

Napp nr. 2 i pokalen: Kjell Bjorgum, Aurland 99

Lagskyting R/ER/J/V65/V73:

Sogndal 1042.

Napp nr. 3 og vinner pokalen til odel og eige.
På laget skaut: Magnus Bøthun 347, Herman Uglum 349, Håvar Eggum 346

Lagskyting klasse 2,3,4,5,V55:

Aurland 1036.

Plakett vert delt ut til:

Vegard Solhaug 347, Kjell Bjørgum 343, Toralf Tøsse 346

Til toppen