NOMINASJON: Aleksander Øren Heen frå Årdal er nominert på andreplass til stortingslista til Senterpartiet.
NOMINASJON: Aleksander Øren Heen frå Årdal er nominert på andreplass til stortingslista til Senterpartiet. (Foto: Synne Asheim Haga)

Aleksander nominert på andreplass. På lista finn ein òg tre andre sogningar.

Det kjem fram i ei pressemelding.

Sogn: Erling Sande frå Gloppen toppar vallista til Senterpartiet, der fire sogningar òg er nominert. Årdølen, Aleksander Øren Heen, er høgst på lista med ein andre plass. Medan ein finn Gunn Åmdal Mongstad frå Solund på fjerdeplass, Kristin Rundsveen Bøtun frå Sogndal på sjuandeplass og Hilde Horpen frå Årdal på tiandeplass.

– Nominasjonsnemnda legg fram eit heilheitleg og godt framlegg til valliste for Senterpartiet, og framlegget er samrøystes. Eg meiner me har fått til god fordeling både på geografi, kjønn og alder og eg er særleg nøgd med at vi har funne plass til tre senterungdomar på lista, seier Per Kjøllesdal, leiar i nominasjonsnemnda i pressemeldinga.

Nominasjonsnemnda sitt framlegg:

  1. Erling Sande – Gloppen
  2. Aleksander Øren Heen – Årdal
  3. Emma Berge Ness – Sunnfjord/Senterungdomen
  4. Gunn Åmdal Mongstad – Solund
  5. Sigurd Reksnes – Stad
  6. Sander Solheim – Fjaler/Senterungdomen
  7. Kristin Rundsveen Bøtun – Sogndal
  8. Rune Hegrenes – Sunnfjord
  9. Sidsel Kongsvik – Kinn
  10. Hilde Horpen – Årdal/Senterungdomen
Til toppen