KVINNEDAG: Wenche Eldegard, Jenny Følling og Trine Lerum Hjellhaug er alle klare på at sjølv om ein er komen langt i kvinnekampen, er det framleis viktig med ein dag for å markere kvinnedagen. Foto: Hydro/Sogn og Fjordane fylkeskommune/Halvor Farsund Storvik. 
KVINNEDAG: Wenche Eldegard, Jenny Følling og Trine Lerum Hjellhaug er alle klare på at sjølv om ein er komen langt i kvinnekampen, er det framleis viktig med ein dag for å markere kvinnedagen. Foto: Hydro/Sogn og Fjordane fylkeskommune/Halvor Farsund Storvik. 

– All honnør til kvinner som har kjempa for våre rettar​

Porten.no har spurt kvinnelege leiarar kva kvinnedagen betyr for dei.

Den internasjonale kvinnedagen vert feira kvart år 8. mars. For nokre betyr dagen meir enn for andre, men generelt er det ein dag for å heidre arbeidet som er lagt ned for kvinner sine rettigheiter.

Noreg har kome langt på likestilling, men som kjeldene i denne saka seier, er det framleis mykje å kjempe for. Dette seier dei om kvinnedagen.

Trone Lerum Hjellhaug
Administrerande direktør, Lerum

Me bur i eit land som er komne ganske langt på området når det gjeld likestilling. Me er ganske heldige, men det er framleis ein veg å gå. Eg plar seie at me jenter kanskje også må meir på bana sjølve og tore litt meir sjølve også. Me kan viss me vil.

Me må berre jobba på. Eg er i ein jobb der eg kan vere med å påverke, men eg møter også haldningar som er heilt på tryne, så me må jobbar for å betra haldningar i enkelte miljø. Eg føler kvinnedagen er viktig å markera. Ser ein på verda, er det langt att.

Viss me kan gjera noko her i Noreg for resten av verda, så må me berre halde fram.

Jenny Følling
Fylkesordførar i Sogn og Fjordane

Kvinnedagen bør bety mykje for oss fordi me lever i eit samfunn som er meir likestilt enn tidlegare. Dei rettane, permisjonsordningane eller velferdsordningane, som burde vera ein sjølvfølgje, er det nokon som har kjempa for. Dei har kjempa for at me kvinner kan vera likestilte og delta i både arbeidsliv og politiske arbeid sjølv med små barn. Eg trur ikkje arbeidet er ferdig, men me er komne eit godt stykke på veg. Eg trur det er viktig med ei bevisstgjering rundt det på ein slik dag.

Det er viktig med ein dag der ein kan gi honnør til dei som kjempa, men ein annan ting er at kvinner må også tore å uttale seg og ta på seg ansvar. Det er ikkje berre solskinn på toppane. Det må ein våge å kaste seg ut i, stole på seg sjølv og tru på at det ein seier er viktig. Ein får best politikk når både kvinner og menn og alle samfunnslag deltek.

Eg trur ikkje me skal ta noko for gitt. Det er heile tida krefter som krev at me må ha ei bevisstgjering rundt dette. Det var ein annan kvinnekamp på 70-talet enn i dag. Difor sender eg tankar til desse kvinnene som kjempa desse harde kampane. 

Wenche Eldegard
Fabrikksjef, Hydro Årdal

Eg meiner denne dagen er viktig fordi me ikkje har kome så langt i likestillinga som eg skulle ønskt me var på mange område. 

Spesielt gjeld dette på lønssida og moglegheitene. Eg synest det blir betre og betre, men det er framleis område der det ikkje er like løn for likt arbeid. Der burde me ha vore no i 2017.

Kvinnedagen var nok viktigare før enn han er no fordi me har kome langt, men eg skulle ønskt me slapp å ha han. Når du samanliknar oss med mange andre land, er Noreg komne langt. Dagen er viktig, men me må jobba for likestilling andre dagar i året også. Dette er ein viktig kamp å kjempe elles i året også. Det blir meir og meir utjamna, men me ser at det er framleis ein veg å gå. 

Til toppen