Lavik - Oppedal
Lavik - Oppedal ( Kyrre Fitje)

Normal drift på Lavik-Oppedal. Framleis trøbbel i Gulen

Ferjesambandet Lavik-Oppedal var innstillt inn til vidare grunna uvêret.

Ytre Sogn: Klokka 14.25 skriv Vegtrafikksentralen at Lavik-Oppedal er i drift att. Leirvåg-Sløvåg er framleis innstillt. 

 Ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39 var innstillt grunna vêret. 

Det skreiv Vegtrafikksentralen Twitter klokka 13.15.

Det vart først meldt at B-ruta var innstillt. Åtte minutt etter la Vegtrafikksentralen ut at samtlege avgongar var innstillt inn til vidare. 

Fjord1 skriv på sine sider at samtlege avgongar er innstillt på Leirvåg-Sløvåg i Gulen. Også her er det uvêret som får skulda. 

Til toppen