RØYK: Det var ingen synlege flammar, men kraftig røyk steig ut av vindauget i andreetasje då brannvesenet kom til staden.
RØYK: Det var ingen synlege flammar, men kraftig røyk steig ut av vindauget i andreetasje då brannvesenet kom til staden. (Bilde: Marte Hestetun)

Alle berga seg ut av brennande hus

Brannvesenet måtte rykke ut til ein einebustad etter melding om brann i Årdal.

Årdalstangen: Politiet fekk melding om brannen i Kringlevegen på Årdalstangen klokka 15.38 i dag. Naudetatane rykka ut og klokka fem på fire kom meldinga om at alle bebuarane var ute av huset.

Kart: Google Maps.
Kart: Google Maps.

– Det ryk på loftet, men er ingen synlege flammar. Brannvesenet er på staden, fortalte Kjetil Drange ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt i Florø like etter meldinga kom.

Kvart over fire kunne politiet melde at brannvesenet hadde kontroll. Dei hadde då teke seg inn i huset med varmekamera for å forsikre seg om at flammane ikkje blussa opp att.

Til toppen