OPE: Som siste fjellovergang i rekkja opna fv. 53 Årdal-Tyin klokka 1630 tysdag ettermiddag. Arkivfoto
OPE: Som siste fjellovergang i rekkja opna fv. 53 Årdal-Tyin klokka 1630 tysdag ettermiddag. Arkivfoto

Alle fjellovergangane opne for fri ferdsel

I løpet av føremiddagen 3.juledag har det vorte vesentleg greiare å koma seg over fjellet - klokka 1630 opna Årdal-Tyin som den siste av dei fire fjellovergangane frå Indre Sogn austover.

Indre Sogn: I følgje Vegvesenet sine nettsider var det framleis kolonnekøyring på rv. 52 Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell tysdag morgon klokka 0830. Rett over klokka 10 twitra Vegtrafikksentralen Vest at Filefjell var opna for fri ferdsel, og rett før klokka 11 var det også slutt på kolonnekøyringa over Hemsedalsfjellet.

Både fv. 53 Tyin-Årdal og fv. 50 Hol-Aurland var stengde grunna uvêr frå morgonen av 3.juledag, men på Hol-Aurland opna Vegvesenet med kolonnekøyring klokka 12 og seinare på ettermiddagen var det også slutt på kolonnekøyringa. Vegvesenet opplyser om moglegheit for snøføyøke og redusert sikt på fv. 50.  

Som siste i rekkja vart Tyin-Årdal opna klokka 1630 - her pågår fresing grunna smale parti.

Til toppen