OPEN: Alle fjellovergangane er opne, her på fv. 53 ved Tyinosen torsdag morgon. Foto: Statens vegvesen.

Alle fjellovergangane opne

Hol - Aurland opna natt til fredag.

Indre Sogn: Vegtrafikksentralen melde rett før klokka 2 i natt at fv. 50 Hol -Aurland var opna for fri ferdsel etter å ha vore stengt sidan i 22-tida torsdag kveld. Då hadde det vore kolonne på fjellovergangen heile dagen

Fv. 53 Tyin - Årdal opna att rett før klokka 10 torsdag morgon og har vore open sidan. Rv. 52 Hemsedalsfjellet er ope, og store køyretøy blir oppmoda om å nytta køyring - eit vogntog stod fast ovanfor Borlaug torsdag ettermiddag og sperra vegen i fleire timar- E16 Filefjell er ope.

Til toppen