ALLE GODE TING: Fjordfylket står seg best åleine, meiner artikkelforfattaren. Foto: arkiv.
meiningar
ALLE GODE TING: Fjordfylket står seg best åleine, meiner artikkelforfattaren. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
meiningar

Alle gode ting er tre – Nordfjord, Sunnfjord og Sogn

– Det er ikkje noko som hindrar stortingsfleirtalet i å gje fylka fleire oppgåver utan å slå dei i hop, skriv Anders Hamre Sveen, bnestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

MEININGAR: På NRK Sogn og Fjordane kan ein no lese at fylkeskontoret til NAV på Leikanger kan verte flytta til eit nytt regionkontor i Bergen. Om Sogn og Fjordane og Hordaland vert slått saman, så er nok dette berre ein forsmak på det som kan komme av omfattande og skadeleg sentralisering av offentlege arbeidsplassar etter ein fylkessamanslåing.

Heldigvis er denne katastrofale samanslåinga no sett på vent. Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen, fortalde under opninga av fylkestingsmøtet på Hotell Alexandra i Loen at “det ikkje blir noko fylkessamanslåing med det fyrste”, ifølgje NRK Sogn og Fjordane. Eigentleg skulle han fremje sak om å få sende ein søknad til kommunaldepartementet om å starte den formelle samanslåinga, men i samråd med sin kollega i Hordaland og dei to fylkesordførarane, trekte han saka. Dette er ei positiv utvikling.

FrP-politikar Frank Willy Djuvik er tydelegvis bestemt på å forsvare regjeringa sin skadelege sentraliseringspolitikk. Han seier at han vil at fylkestinget skal halde fram og jobbe med prosessen med samanslåing. Dei som ivrar for fylkessamanslåinga, held det med andre ord slett ikkje hemmeleg kva dei meiner. Difor er det rart å høyre at Jenny Følling (Sp) seier til NRK Sogn og Fjordane at fylkestinget ventar på tilbakemelding frå departementet for å «skissere ein prosess fylkeskommunane skal gjennomføre» før det kjem ei sak til fylkestinget. Kvifor nyttar ikkje fylkesordføraren og resten av Sogn og Fjordane Sp allereie no den mogelegheita som har vorte skapt av Sogn og Fjordane Ap sin nytenking rundt dette spørsmålet?

Det er ikkje noko som hindrar stortingsfleirtalet i å gje fylka fleire oppgåver utan å slå dei i hop. Det kunne dei gjort, om dei ville det. Så langt har det ikkje komme ei einaste overføring av tunge, viktige oppgåver til regionane i dei snart fire åra Høgre og FrP har vore i regjering. Og same kva for ekstra oppgåver som ein eventuelt får overført til regionalt nivå i framtida, vil det uansett ikkje vege opp for dei negative konsekvensane av ei fylkessamanslåing.

Det beste hadde vore om fylkestinget snarast mogleg, og før valet, gjorde vedtak om at Sogn og Fjordane skal halde fram som eit sjølvstendig fylke òg i framtida, og det uavhengig av kva for oppgåver som eventuelt vert tilført det regionale nivået i landet vårt.

Til toppen