EKSPERTAR: Lise Finchenhagen og Lise Sundberg var to av tre dommarar i panelet som skulle vurdera morelleprodukta. Foto: Anne Karin Skjær.
EKSPERTAR: Lise Finchenhagen og Lise Sundberg var to av tre dommarar i panelet som skulle vurdera morelleprodukta. Foto: Anne Karin Skjær.

Alle gode ting er tre

I morellekonkurransen til Lærdal grønt og Smak av Sogn gjorde Aurland barne- og ungdomsskule reint bord

  • Endret

Dei sikra seg dei tre gjevaste plassane då dei konkurrerte om å laga det beste morelleproduktet.

– Desse produkta har utan tvil eit stort potensiale, slo dommarpanelet fast etter å smakt seg gjennom 50 ulike morelleprodukt i laupet av fredag ettermiddag.  

Etter at Lærdal grønt annonserte at dei ville gje vekk seks tonn moreller, har responsen vore over all forventning. Dagleg leiar ved Lærdal grønt, Harald Blaaflat Mundal, fortel at over 30 personar har vore innom og henta moreller.

Nye spennande produkt

Resultatet har blitt over 50 morelleprodukt av ulike slag. Målet har vore å få nye og spennande produkt av moreller, og eit ekspertpanel skulle under Haustmarknaden finne fram til dei tre beste. 

– Me har fått tak i gode dommarar frå sentrale strok av landet, sa Blaaflat Mundal under kåringa av dei tre beste produkta. 

Ekspertpanelet bestod av Kenneth Grøthe ved Lærdal grønt, Lise Sundberg ved Kaffe Krydder i Sogndal og TV-kokken frå Bama Lise Finchenhagen.

– Det er intenst å smake seg gjennom 50 morelleprodukt, men det var veldig mykje godt. Me har gjeve poeng på lukt, utsjånad, smak og konsistens, sa Finchenhagen, som understreka at det var smaken som vog tyngst. 

I tillegg var det ekstrapoeng på kreativitet og vidare potensiale.

Gjorde reint bord

Mundal opplyste at det var ingen som visste kven som hadde laga dei ulike bidraga, og produkta var nummerert frå 1-50. 

Når det gjaldt tredjeplassen, så var Lise og Lise einige om ein dessertsaus/sirup, som kan vere god på riskrem eller ein mørk sjokoladedessert, som var laga av Aurland barne- og ungdomsskule. 

Aurland stakk òg av andreplassen, som var ein morellegløgg med smak av anis, nellik, kanel, appelsin og solbær. Som på sikt kunne ha eit enormt potensiale. 

– Det villaste av alt, og det er reint tilfeldig, er at at Aurland barne- og ungdomsskule gjorde rett og slett reint bord, og stakk av med fyrsteplassen òg.

– Dei har laga ein saft med både rips og rabarbra som rett og slett var heilt fantastisk god. Det er berre å hylle alle lærarar og elevar ved denne skulen. Her er berre rekrutteringa på topp, sa ein imponert Finchenhagen.

Blaaflat Mundal la til at det er tydeleg at entreprenørskap i skulen fungerer openbart godt i Aurland. Der har dei høve til å lage produkt som har eit marknadspotensiale. 

Finchenhagen understreka at vinnaren hadde klart det kunststykkjet å balansere smakane, sødmen og syrligheiten. Dei hadde vore flinke med å få fram den reine morellesmaken. 

Sjølv om det var med litt hjelp av rabarbra og krydder, så var det ingenting som gjekk ut over smaken av moreller. Den blei istaden framheva ytterlegare.

Til toppen