MATPLANTER: Anne Havåg Holter-Hovind har dedikert eit heilt område i hagen til planter ein kan ete. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix.
MATPLANTER: Anne Havåg Holter-Hovind har dedikert eit heilt område i hagen til planter ein kan ete. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix.

Alle kan dyrke urter

Mange opplever at urteplantene raskt visnar etter at dei har vore med heim frå butikken. Kva kan ein gjere for å få urtene til å vare lenger?

Urter er lette å finne i matvarebutikkane, men dei toler ofte ikkje livet på kjøkkenbenken eller i vindaugskarmen. Anne Havåg Holter-Hovind, som driv hagebloggen moseplassen.no, har fleire tips til kva ein kan gjere for å ta betre vare på urtene. Ho meiner alle kan lukkast så lenge ein gir plantene nok vatn og næring.

I kjøkkenhagen hennar veks urter som oregano, sitronmelisse, salvie og mynte. Alle desse plantene er opphavleg butikkjøpte urter, men det er ikkje sjølvsagt at dei klarer overgangen frå butikken til heimen.

– Urtene i butikken er ikkje dyrka for å overleve heime hos deg, seier bloggaren.

– Det betyr ikkje at du ikkje kan få dei til å vare, det er berre ikkje meininga i utgangspunktet.

Artikkelen held fram under biletet.

STUSSING: For at urta skal ha det best mogleg, må det ein klipp til i ny og ne.
STUSSING: For at urta skal ha det best mogleg, må det ein klipp til i ny og ne.

Holter-Hovind foreslår å kjøpe urteplanter på hagesenter om du har planer om å ha dei ståande lenge. Ifølgje henne har sentra betre rutinar enn matvarebutikkane når det gjeld temperatur, lys og vatn, og dermed har plantene større moglegheit til å overleve overgangen til ein ny heim.

Større potte

Urtene til Holter-Hovind er planta utandørs, men ho meiner urter lett kan dyrkast både inne og ute. Det er ikkje stor skilnad på hage, balkong eller kjøkkenbenk når det gjeld å få urtene til å trivast, ifølgje hagebloggaren.

– Urtene frå matvarebutikken står i veldig små potter. Det er lettare å lukkast om du potter om til større potte, tipsar Holter-Hovind.

Det kan også lønne seg å dele opp planten litt. Bloggaren fortel at det gjerne blir sådd så mange som tretti frø i ei potte der tre hadde vore meir enn nok. Etter at ein har potta om, må ein passe på å la planta få nok lys, utan at ho blir stekt av sola i vindaugskarmen.

Rosmarin er lettast

UTSTYR: Med rett utstyr og innstilling kan alle få urter til å gro, meiner Holter-Hovind.
UTSTYR: Med rett utstyr og innstilling kan alle få urter til å gro, meiner Holter-Hovind.

Å hjelpe ei urteplante å overleve kan verke som eit pirkete arbeid, men ifølgje Holter-Hovind er det ikkje berre dei grøne fingrane dine som avgjer kor godt planta trivst heime hos deg. Det kjem også an på kva slags urter du vel.

Basilikum, ei populær urt i norske heimar, er den planta flest slit med, seier bloggaren, og anbefaler å byrje med ei anna urt om ein er heilt fersk.

– Rosmarin er enklast å halde, seier ho.

– Ho vil gjerne leve under middelhavsforhold, og klarer seg dermed sjølv om ho tørkar litt. Men når det er sagt, er det ikkje umogleg å få basilikumplanta til å leve heime hos deg sjølv.

– Basilikum er veldig grei om du først får ho til å overleve dei to første vekene, seier Holter-Hovind. Har du først fått deg ei levedyktig basilikumplante, går det fint vidare.

Mynte kan derimot vere så livskraftig at ho må stoppast litt. Hagebloggaren har sjølv tre store mynteplanter i hagen. Ho held dei åtskilt i kvar si potte, fordi urta er så forplantningsglad at ho gjerne tar over eit heilt bed om ein sår ho ute.

Viktige metodar

PASTAURT: Timian er ei grei urt å halde liv i, synest Holter-Hovind. Ho passar til bruk særleg i pasta og på pizza.
PASTAURT: Timian er ei grei urt å halde liv i, synest Holter-Hovind. Ho passar til bruk særleg i pasta og på pizza.

Holter-Hovind trekker fram to ting som er viktige for at ei urteplante skal overleve overgangen frå butikk til heim: Vatning og gjødsling. Flytande gjødsel finn ein i dei fleste butikkar og hagesenter, og planta skal helst aldri gå heilt tørr. I tillegg er det viktig å klippe ned planten så nye skot kan komme til, og ein får utnytta urta så å seie heile tida.

– Urter er til for å brukast! Dei blir best om ein bruker dei absolutt heile tida.

Sjølv klipper ho ivrig i ei oreganoplante som har vakse seg stor på berre eit par månader.

– For å ha høg matkvalitet, må busken få skyte nye skot, fortel ho. – Det er dei nye skota som gir best smak.

Også urteblomstrane kan etast, men når planta blomstrar blir bladverket gjerne litt slite. Holter-Hovind løyser problemet ved å ha to av kvar urt.

– Ei lar eg blomstre og ei klipper eg låg slik at eg alltid har dei aller beste blada, seier ho. 

Ikkje berre for folk

I tillegg til at urta til Holter-Hovind har ein dekorativ funksjon i hagen hennar, er det ikkje berre for si eiga skuld ho har planta dei ut. Bloggaren jobbar for tida med å gi ut bok som skal innehalde tips og triks for å få småfugl til å trivast i hagen, men også enda mindre vesen nyt godt av hagen hennar. Humler suser fram og tilbake og landar ofte på urteplantene.

– Eg er veldig opptatt av humlene, fortel Holter-Hovind. Dei trivst i selskap med dei duftande plantene.

– Urter er gode planter både for folk og humler, avsluttar ho. – Skikkeleg kinderegg-planter, er dei – dei gjer så mykje forskjellig! (©NPK)

Til toppen