NEST BEST: Trass i at Sogndal kom på ein 2.plass i den nye effektivitetsanalysen ligg kommunen under landssnittet på effektiv drift - til liks med alle andre kommunar i fylket. Illustrasjonsfoto
NEST BEST: Trass i at Sogndal kom på ein 2.plass i den nye effektivitetsanalysen ligg kommunen under landssnittet på effektiv drift - til liks med alle andre kommunar i fylket. Illustrasjonsfoto (Foto: Arkiv)

Alle kommunane i fylket under snittet på effektivitet

Den nye effektivitetsanalysen til Jan Tor Sanner syner at alle kommunane i Sogn og Fjordane driv under snittet effektivt. Hjå Fylkesmannen ser dei likevel ikkje barometeret som eit argument i debatten om kommunereform.

Indre Sogn: – Eg såg på det i går, og oppfattar dette først og fremst som ein informasjon til kommunane om korleis dei ligg an i høve samanliknbare kommunar. Kor vidt dette er meint som eit argument for samanslåingar er vanskeleg å seie, seier Kåre Træen, seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har fått Senter for økonomisk forskning (SØF) på NTNU til å utvikla eit verktøy som syner effektiviteten innan dei tre største sektorane i alle norske kommunar.

Les også: Årdal og Sogndal dei mest effektive kommunane i fylket

Landssnittet i indeksen ligg på 88 og den mest effektive kommunen i fylket, Årdal, oppnådde 87 i 2014 og 85 i 2015 - altså er ingen kommunar i fylket på eller over snittet.

Senterpartiet: – Eit desperat forsøk

Såleis kjem større kommunar generelt betre ut enn små i analysen, og parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, skildra dette som eit desperat forsøk frå Sanner til å tvinga fram kommunesamanslåing overfor NRK.

– Dette opplever eg som eit siste desperat forsøk frå Sanner på å blåsa liv i ein kommunereform som folk lokalt har sagt nei til, seier ho til statskanalen.

I analysen er kommunane inndelte i ulike grupper etter storleik og føresetnader. Dermed oppfattar ikkje Træen hjå Fylkesmannen at dette først og fremst er eit argument for kommunesamanslåingar - trass i at eit fylke som Sogn og Fjordane med små og mellomstore kommunar kjem dårleg ut i høve landssnittet  

– Det finst mange slike målingar - du har kommunebarometeret og KOSTRA-tala også, til dømes. Kva som er hensikt og bakgrunn er ikkje alltid like lett å seia,

– Har ein bruk for alle desse målingane og barometera? 

– Det kan du spørja om. Kommunane får veldig mykje statistikk  - eg ser altså først og fremst på dette som informasjon til kommunane om korleis dei ligg an på effektivitet i drifta i høve samanliknbare kommunar.

Slanking av administrasjonane den største økonomiske vinsten

Fylkesmann Anne Karin Hamre gjekk tidlegare i haust inn for at Leikanger, Sogndal og Balestrand skal slå seg saman til ein kommune. Ho oppmoda også Lærdal, Årdal og Aurland om å slå seg saman.

Les også: Her er forslaget til ny storkommune i Sogn

Les også: Han er skuffa. Han er nøgd. Han er letta

Træen meiner den største effektivitetsvinsten av samanslåingar er slanking av kommuneadministrasjonen som i neste omgang frigir midlar som vil bli sårt tiltrengt særskild innan helse og omsorg:

– Målsetjinga med reforma er å få gode tenester og ha ein effektiv tenesteproduksjon. Samordning av administrasjonene gjer at ein kan bruka meir på tenesteproduksjon, for basistenestene barnehage, grunnskule og helse og omsorg skal liggja der folk bur. I tillegg får kommunane samla sett ein større økonomi og vil kunne takla uføresette hendingar betre.

– Det er dette som er hovudargumenta for at Fylkesmannen vil slå saman kommunar?

– Ikkje minst når ein ser av samansetnaden i folket - det blir mange eldre i høve yrkesaktive. Dette er i ferd med å endra seg, men blir meir betydeleg om ein ti års tid. Då blir det behov for større ressursar innan helse og omsorg. Fleire må jobba i denne sektoren og ein må ta i bruk velferdsteknologi - dette er nok større kommunar også meir i stand til å nytta og utvikla. 

Til toppen