DAGSTURHYTTE: Dagsturhytta i Luster kjem på Ytre Eikum, ikkje langt frå Marifjøra. Her viser grunneigar Johannes Vedvik fram plassen. Foto: Erling Bjørnetun. 
DAGSTURHYTTE: Dagsturhytta i Luster kjem på Ytre Eikum, ikkje langt frå Marifjøra. Her viser grunneigar Johannes Vedvik fram plassen. Foto: Erling Bjørnetun. 

Alle kommunane vil ha dagsturhytte

Alle kommunane i Sogn og Fjordane har sagt ja til å byggje ei dagsturhytte, men ikkje alle har fått på plass hytteplasseringa endå. Jølster, Førde og Solund vil til og med ha to. 

Sogn og Fjordane: Over 70 arkitektkontor har meldt si interesse for å vere med å teikne hytta. Slik det ligg an akkurat no, vil 29 dagsturhytter vere på plass rundt om i Sogn og Fjordane innan utgangen av 2018.

- Fysisk aktivitet for alle er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Det er denne visjonen som ligg bak ideen om dagsturhyttene, seier Atle Skrede, idémakar og rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen.

Han synast det er flott at kommunane no har bestemt seg for å setje opp ei dagsturhytte.

Lågterskeltilbod

Hyttene skal ikkje ha varme, straum eller sanitæranlegg. Dei skal vere 15 kvadratmeter og ha eit minibibliotek til bruk på staden. Det skal innehalde eit knippe nynorske bøker, først og fremst for barn. Dei første hyttene skal monterast i mai 2017, det er lagt opp til to-tre løft med helikopter og ein dags montering.

- Dette skal vere noko anna enn ein  gapahuk, men heller ikkje ei overnattingshytte. Poenget er at folk skal ha ein stad å gå inn og å søke ly. Hyttene skal gjere det meir attraktivt å vere ute og gå tur. Det skal vere ein plass å byte kle, ete matpakka si og få litt varme i seg, fortel Skrede.

Hyttene skal finansierast med spelemidlar, tilskot frå Sparebankstiftinga og momsrefusjon.

Her skal hyttene stå

Mange kommunar har allereie bestemt seg for kvar dagsturhytta skal stå. Kommunane som ikkje er nemnd under treng meir tid for å få på plass hytteplasseringa.

Her er i førebels oversikt over kvar det kjem dagsturhytter (byggeår i parantes):

·         Nyksvatnet i Askvoll (2018)

·         Gulleplet i Balestrand (2017)

·         Veten i Bremanger (2018)

·         Bygdaheia i Fjaler (2018)

·         Hatlesetnipa i Flora (2017)

·         Utsikten i Gloppen (2017)

·         Soleiebotn i Gulen (2017)

·         Siplo i Høyanger (2018)

·         Eggjahaugane i Leikanger (2017)

·         Ytre Eikum i Luster(2017)

·         Risnakken i Selje (2018)

·         Loftesnesfjellet i Sogndal (2017)

·         Pollatinden i Solund (2018)

·         Kjeretoppane i Vågsøy (2018)

Populær arkitektkonkurranse

Alle kommunane skal ha ei lik dagsturhytte som skal teiknast av ein arkitekt. Fylkeskommunen lyste ut arkitektkonkurransen 19.oktober og det er sett saman ei arbeidsgruppe som skal plukke ut ein vinnar.

Desse sit i arbeidsgruppa som skal plukke ut vinnaren:

·         Jan Tore Rosenlund, bygge- og eigedomssjef i fylkeskommunen

·         Geir Afdal, bygge- og eigedomstenesta i fylkeskommunen

·         Katrine Røkke Wilson, innkjøpssjef i fylkeskommunen

·         Atle Skrede, nærings og kulturavdelinga i fylkeskommunen

·         Elisabeth Dahle, Forum for natur og friluftsliv (FNF)

·         Pål Fidjestøl, Sparebankstiftinga

·         ein utvald representant frå styret i Sparebankstiftinga

·         Erling Bjørnetun, Luster kommune

·         Sivilarkitekt/arkitekt MNAL, namn ikkje klart enno

Det er over 70 arkitektkontor som har meldt si interesse for konkurransen. Dei fleste er norske, men arkitektar frå Danmark og Ungarn har også teke kontakt. Vinnaren av konkurransen vert klar 24.november. 

Til toppen