HØYRING: Høyringsrunden for utgreiinga om ei framtidsretta tannhelseteneste er no over. Illustrasjonsfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
HØYRING: Høyringsrunden for utgreiinga om ei framtidsretta tannhelseteneste er no over. Illustrasjonsfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune (Illustrasjonsfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

– Alle skal bli høyrt

Høyringsrunden for utgreiinga om ei framtidsretta tannhelseteneste er no over. Alle innspel blir vurdert og saka går vidare til politisk handsaming.

Sogn: Det var i januar i år at ein utgreiingsrapport vart lagt ut for høyring. I rapporten var det eit forslag om å kutte drastisk ned på tal tannklinikkar i fylket med 13 frå 28. 

Høyringsrunden er no over, og totalt er det kome inn svar frå 15 kommunar. Fire av desse støttar planen slik han ligg føre, medan ein støttar planen med atterhald.

Dei resterande kommunane som har sagt seg imot, er kommunar som vil miste sin klinikk. I høyringsrunden har kommunar og aktuelle fagforeiningar i fylket kunne komme med innspel om den føreslåtte framtidige strukturen og andre anbefalingar. 

Alle høyringsinnspel blir no vurdert i arbeidet med ei ny sak om den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Konstituert direktør for tannhelsetenesta, Clara Øberg, orienterte onsdag fylkesutvalet om hovudtrekka i attendemeldingane til rapporten.

– Alle skal bli høyrt i denne prosessen, og fleire har levert gode argument i høve rapporten, seier Øberg i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Saka skal handsamast i fylkesutvalet 27. mai før endeleg vedtak i fylkestinget 14. juni.

Årdal og Lærdal er ikkje på lista over truga tannklinikkar, men det er Aurland. Årdal sende som kjent inn svar etter høyringsfristen var gått ut då dei vart gjort kjend med at Lærdal foreslo å slå all tannhelseteneste på sørsida av fjorden saman og flytte han til Lærdal sjukehus. 

Til toppen