DISTRIKTSPOLITIKK: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl, understreka viktigheiten av god distriktispolitikk på landsmøtet til partiet torsdag. Foto: Flickr/Arbeidarpartiet.

meiningar

DISTRIKTSPOLITIKK: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl, understreka viktigheiten av god distriktispolitikk på landsmøtet til partiet torsdag. Foto: Flickr/Arbeidarpartiet. (Foto: Arbeidarpartiet)
meiningar

Stortingsvalet 2017

Alle skal med

Kjære velgjar

Valet 11.september er eit vegval og eit verdival Det handlar om kva slags Noreg me vil ha. Arbeidarpartiet vil byggja på det beste ved landet vårt. Små skildnadar, like moglegheiter og eit felleskap som gjev arbeid og tryggleik til alle. Da må vi investere i arbeid, skule, omsorg og helse.

Næringspolitikk

Sogneregionen er allsidig, der Sogndal er ein drivkraft og har ei viktig rolle som utviklar i regionen. Den allsidige arbeidsmarkaden mellom privat næringsliv og det offentlege – med det statlege, fylkeskommunale og kommunale- samarbeider godt for utvikling av regionen på fleire arenaer, frå grunnskule til vidaregåande skular og Høgskulen. I desse rollene fyller ein og opp viktige møtestadar der ein formar grundarånden, og viljen til å vere ein skapande part. Fosshaugane Campus og Kunnskapsparken har evna og klart å få fleire til å tenke i lag. Vitensenteret på KAUPUS vil og gje fleire moglegheitar i eit industrimiljø på Kaupanger og Sogn. Mykje blir gjort rett når ein legg vekt på det eg trur er viktige kriteriar:

  • At det er eit stor vekst- og verdiskapningspotensiale
  • At me har kompetansefortrinn eller naturgjevne fortrinn
  • At det er samspelseffektar knytt til teknologi og kompetanse på tvers av næringar.

Sognekommunane har alle sin eigen kompetanse der dei skil seg ut. Industri, reiseliv, jordbruk, offentleg tenesteyting, Høgskulen, grundarsatsingar, handel, og fortrinna me har innan fornybar energi er nokre få.

For Arbeidarpartiet er det viktig at innsatsen må målrettast mot desse næringane. Ordningane me har tilgjengelege innan forsking, kompetansebygging og verkemiddelapparatet, skal samordnast betre. Målet er at styresmakta, akademia, frivillige og private krefter spelar meir på lag. I eit fylke med mykje små og mellomstore bedrifter er det difor ei viktig offentleg oppgåve å gjere forskning og teknologi tilgjengeleg. For forskning, teknologi og næringsutvikling heng ofte tett saman.

Ein skule for alle

Det er for mange som slit med å fullføre skuleløpet og det er for mange som ikkje får nok oppfølgjing i klasserommet. Då må me tilsette fleire lærarar som kan hjelpe elevar tidlegare i skuleløpet, og mellom anna innføre ei norm for lærartettleik minimum på kommunenivå. Så bankar hjarte mitt ekstra for yrkesfaga. Difor er eg svært glad for at Arbeidarpartiet skal løyve ein milliard kroner for å oppgradere både utstyr og statusen til yrkesfagelevane.

Ei rettvis nettleige

Folk i Sogn og Fjordane fortener ei rettvis nettleige. Det er jo me som produserar vasskrafta. Då må me sleppe å betale meir på straumrekninga vår enn andre. Det skal Arbeidarpartiet vere garantisten for. Denne kampsaka er viktig for både næringsliv og familiar.

Arbeidarpartiet vil skapa arbeid til alle og nye arbeidsplassar over heile landet. For oss er trygg eldreomsorg og gode skular viktigare enn store skattekutt til dei som har mest frå før.

Eg håpar du er einig med oss.

Hilmar Høl
2.kandidat til Stortingsvalet for Arbeidarpartiet.

Til toppen