NØGD: Faruk Yilmaz driv Mamma Mia i Årdal og er nøgd med smilefjesordninga. Han fortel at òg kundane set pris på det.
NØGD: Faruk Yilmaz driv Mamma Mia i Årdal og er nøgd med smilefjesordninga. Han fortel at òg kundane set pris på det.

Alle spisestadane i Sogn får smilefjes

Men ikkje alle er like nøgde med den nye ordninga.

Øvre Årdal/Kaupanger: – Mange har sagt til meg at det var fint å sjå det smilefjeset. Smil får folk i godt humør, seier Faruk Yilmaz, som driv restauranten Mamma Mia i Øvre Årdal.

Han er ein av dei som er begeistra for nyvinninga til Mattilsynet. Smilefjesordninga vart innført 1. januar i år. Sidan har 7.500 spisestader over heile Norge blitt kontrollerte.

Kundane er nøgde

Utifrå kor gode rutinar dei har for hygiene og reinhald får dei anten smilefjes, strekmunn eller sur munn. Karakteren er spisestadene pålagde å henge opp godt synleg ved inngangen.

– Sjølvsagt er det betre slik. Før hadde du kanskje moglegheit til å ikkje fikse alt med ein gong. No er du nøydd, for kundane kan sjå kor godt du jobbar, seier Yilmaz.

Les også: Opnar dørene for eit breiare utval

Ved det første tilsynet i februar fekk han ein strekmunn, mellom anna fordi restauranten ikkje hadde merka allergenar godt nok på menyen. Men no er toppscoren attende. På den måten er Mamma Mia i godt selskap. For her i Sogn er det berre smil å sjå, alle har no full pott av Mattilsynet.

Vil at fleire skal med

Men det betyr ikkje at alle er like nøgde. Porten.no har snakka med fleire som tykkjer ordninga er for firkanta.

Ein av dei er Arne Glenn Flåten, som driv kafèen Timber på Vesterland feriepark på Kaupanger. Rett nok er han ikkje av dei mest kritiske, for dei ønskte ikkje stå fram på trykk. Men han er definitivt ikkje udelt positiv.

DELT SYN: Arne Glenn Flåten, som driv Vesterland Fritidspark på Kaupanger, har blanda kjensler for Smilefjesordninga.
DELT SYN: Arne Glenn Flåten, som driv Vesterland Fritidspark på Kaupanger, har blanda kjensler for Smilefjesordninga.

– For enkelte kan det verke urettferdig, for det kan vere små detaljar som avgjer og ikkje nødvendigvis alvorlege ting som skal til for å få strekmunn. Sjølv om me fekk smilefjes på første forsøk, meiner eg det bør vere frivilleg om du henger resultatet opp eller ikkje, seier han.

Han meiner det mest positive med ordninga er dei nye reglane for merking av matvarer som kan framkalle matallergi på menyen. Elles meiner han òg bensinstasjonar og kioskar burde inkluderast i ordninga.

– Det bør vere alle, eller ingen. Slik det er no er det smilefjesordning på dei som i utganspunktet var best i klassen, nemleg restaurantar og kafèar, seier han.

 

Til toppen