Kaupanger: Boka "Bevaring av stavkirkene. Håndverk og forskning" inneheld erfaringane frå arbeidet med konservering av kyrkjekunst, og nye fakta og metodar frå ulike bidragsytarar. Alle stavkyrkjene i landet, og arbeidet som er utført på dei, har fått plass mellom permane.
Boka er eit samarbeidsprosjekt mellom Riksantikvaren og Pax Forlag.
– Med stavkyrkjene har vi ei arv som forpliktar, også internasjonalt. Eg håpar denne boka inspirerer til vidare forsking og ny kunnskap om desse unike bygningane, seier riksantikvar Jørn Holme.
(©NPK)