NESTEN EINIGE: Mot éi stemme vedtok fylkestinget i dag å erklæra klimakrise.
NESTEN EINIGE: Mot éi stemme vedtok fylkestinget i dag å erklæra klimakrise. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Alle utanom èin stemde for at fylket skal erklæra klimakrise

– Startskotet for ein ambisiøs klimapolitikk, seier fylkesordføraren etter det historiske vedtaket på nest siste møte før samanslåinga med Hordaland.

Loen: På møtet tysdag vedtok politikarane på fylkestinget å erklæra klima- og miljøkrise. Målet er å visa at politikarane tek problemet på alvor.

 – Klimaomstillinga må no skje endå fortare enn me tidlegare har lagt opp til. Å erklære krise no er startskotet for ein ambisiøs klimapolitikk, og dette må integrerast i alt me gjer, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding. 

Klimakriseerklæringa kjem som eit resultat av ein kampanje som hadde samla inn over 500 underskrifter, noko som gjorde at fylkestinget var plikta til å ta stilling til det.

– Me må finna miljøvenlege løysingar på mykje, alt frå energikjelder og næringsutvikling til matproduksjon. På Vestlandet er det særs gode høve for å delta i ei spanande og nødvendig utvikling, seier Følling.

Valet av ordet «krise» skapte debatt, og enkelte politikarar var uroa for at dette kan bli oppfatta som symbolpolitikk. Likevel var Frank Willy Djuvik (FrP) den einaste som røysta mot å vedta klimakrise.

Til toppen