STORT TRYKK: Leif-Einar Lothe og Arve Tokvam skreiv til krampa tok dei under boksigneringa på Sogningen storsenter.
STORT TRYKK: Leif-Einar Lothe og Arve Tokvam skreiv til krampa tok dei under boksigneringa på Sogningen storsenter. (Halvor Farsund Storvik)

Alle ville ha ein bit av Lothepus på boksignering i Sogndal

Dagen før hadde TV-kjendisen skapt kaos på Lægreidspuben. – Det var hundre meter kø og tre politimenn dukka opp til slutt opp. Eg måtte ha vakt med meg, seier hovudpersonen sjølv.

Sogndal: – Viss eg eg dauar no, så blir det i allefall Norges mest fotograferte kiste, trur eg, seier Leif-Einar Lothe, for heile Norge betre kjent som Lothepus frå TV-seriane Fjorden Cowboys og Farmen.

Saman med forfattar Finn Tokvam har han farta land og strand rundt med boka om livet som Lothepus. At TV-kjendisen har ei høg stjerne hos eit breitt lag av stjerne var tydeleg. Store som små ville ta selfie og sikra seg autografen til skytebasen og musikaren.

POPULÆR MANN: Store og små let seg sjarmera av Lothepus. På kjøpesenteret i Sogndal tok TV-kjendisen seg tid til å bli tatt bilete av med alle som ville.
POPULÆR MANN: Store og små let seg sjarmera av Lothepus. På kjøpesenteret i Sogndal tok TV-kjendisen seg tid til å bli tatt bilete av med alle som ville. Bilde: Halvor Farsund Storvik

– Kjekt å vera med han galningen

Han fortel at han har gitt forfattar, aurlendingen Finn Tokvam, full fridom til å skriva boka slik han ville.

– Eg har ikkje tid til å driva å retta, ikkje gidd eg det heller. Eg har ikkje lest boka ein gong, så det er greitt. Han har tydelegvis gjort noko rett og er utruleg dyktig å skriva, seier Lothepus.

At boka har vorte ein suksess er det ingen tvil om. Ho har lege på toppen av listene i over ein månad.

– No har me lege og kniva med Eirik Bye. Det er litt kjekt å endeleg fått tatt han gauken, seier Tokvam.

Han seier boka er ein hyllest til Vestlandet, ikkje berre til antihelten Lothepus. Då er det ekstra stas å sjå at ho slår an over heile landet.

– Så er det kjekt å vera med han galningen her då. Han er så triveleg at han nesten kunne ha vore sogning, seier Tokvam.

SIKRA BOK OG SELFIE: Jonas og Johannes Meisterplass Fimreite frå Kaupanger hadde møtt opp for å møta helten frå TV-skjermen.
SIKRA BOK OG SELFIE: Jonas og Johannes Meisterplass Fimreite frå Kaupanger hadde møtt opp for å møta helten frå TV-skjermen. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Fekk selfie med den store helten

Han er ikkje ukjent med boksigneringar, men fortel at dei vanlegvis er ganske stille og oversiktlege. Ikkje så når Lothepus er med på lasset. Og det er ikkje til å legga skjul på at hovudpersonen i boka tok det meste av merksemda. Selfietrøkket var ikkje like stort på den skriveføre aurlendingen.

– Det er stort sett næraste slekta som vil ha bilete med meg og det skjønnar eg. Ikkje har eg cowboyhatt og eg jobbar i radio, då seier det seg sjølv at eg ikkje er noko å ta bilete av, seier Tokvam.

Han seier han har følgt Lothepus gjennom Fjorden Cowboys, men at det først etter Farmen at dei to møttest.

– Eg var på ein fest med han i Årdal. Då var det meste gjort, fortel Tokvam.

Jonas og Johannes Meisterplass Fimreite frå Kaupanger var to av dei som sikra seg både autografen og selfie med helten frå TV-skjermen. Begge sat og heia då Lothepus stakk av med sigeren i førre sesong av Farmen.

– Han er tøff. Me likar litt det same som han driv med, han køyrer gravemaskin og jobbar, seier Jonas.

Pubtur førte til kaos

Du skulle tru det var slitsamt når alle vil ha ein bit av deg, men Lothepus seier han har blitt van med det. Kjendisstempelet er ikkje noko han tenker på. Dagen før hadde han vore på Lægreidspuben for å ta ein øl og slappa av før kaoset som venta.

Det vart ikkje mindre kaos. 

– Det var hundre meter kø og tre politimenn dukka opp til slutt opp. Eg måtte ha vakt med meg, seier Lothepus.

Ellers tykkjer han boksignering er det same som han er van med frå konsertlivet, berre mindre stress. «Det er berre å ta bilete og skriva til du har krampe i neven», som han seier.

– Eg er så van med det. Det går berre i ein saus heile greiene: knips, knips, knips, skål og så er det ny knips. Eg tenkjer ikkje på det. Eg trampar gjennom dagen til eg går og legg meg, så er det på han igjen, seier Lothepus.

Til toppen