KOM HEIM: Jostein Avdem Fretland (med lampeskjerm på hovudet) frå Lærdal tar med seg kollega og gode ven Fredrik Høstaker til Lærdal for å syne fram musikalen dei har laga saman. Foto: Mariell Øyre.
KOM HEIM: Jostein Avdem Fretland (med lampeskjerm på hovudet) frå Lærdal tar med seg kollega og gode ven Fredrik Høstaker til Lærdal for å syne fram musikalen dei har laga saman. Foto: Mariell Øyre.

– Alltid gjort litt narr av dei som synest bygda er for lita

Lærdølen Jostein Avdem Fretland tek med seg musikkstykket han har laga saman med kollega Fredrik Høstaker heim til Lærdal.

Lærdal: Stykket, som har fått namnet «Kom heimatt, gut», handlar om ein utflytt bygdegut som plutseleg ein dag får ein telefon om at far hans ligg for døden. Sjølv om han ikkje trur faren vil sjå han, bestemmer han seg for å vera den større personen og reise heim for å ta farvel.

Då blir bygdeguten ufrivillig nøydd til å forholde seg til heimplassen sin, kvifor han flytte ut og målet med livet.

– Det er litt eksistensielt, smiler Fretland.

HEIMATT: Jostein Avdel Fretland frå Lærdal kjem heim til Lærdal for å syne fram musikalen han har laga saman med kollega og ven Fredrik Høstaker.
HEIMATT: Jostein Avdel Fretland frå Lærdal kjem heim til Lærdal for å syne fram musikalen han har laga saman med kollega og ven Fredrik Høstaker.

– Tåpeleg

Lærdølen er heime i Sogn. Premiera er allereie unnagjort, og måndag skal han og kollega Fredrik Høstaker framføre musikkstykket i Lærdal. Fretland gjer nettopp som guten i stykket – kjem heim. Til vanleg bur han i London saman med kona Mariell Øyre frå Årdal.

– Eg har alltid gjort litt narr av dei som synest bygda er for lita. Det er litt tåpeleg. Eg jobbar veldig godt i Lærdal når eg er der, men det finst eit miljø for det me driv med i London. For oss som er i etableringa var det viktig å bryne oss på folk som er litt like oss sjølve, seier han om livet i London.

Det var ganske enkelt praktiske grunnar til at han enda opp akkurat der. Fretland har alltid hatt eit ønske om å drive med musikk og ha ei utdanning innan elektronisk musikk. Då gav ting seg litt sjølv sidan moglegheitene for det ikkje er dei største i Noreg.

Heitt tema

Sjølv om stykket ikkje er skrive fordi fråflytting og rekruttering er eit politisk heitt tema for folkevalde i fylket for tida, kunne ikkje timinga vore betre. For det er nettopp det ein opplever i Sogn og Fjordane. Ungdommen flyttar vekk for å få seg ei høgare utdanning, og berre fåtalet vender heim.

– Eg unner jo dei aller fleste å vera vekke frå heimstaden ein periode, først og fremst for å få litt perspektiv på kva heimstaden er og kva den representerer. Den politiske utfordringa er å få folk til flytte heimatt. 

– Kanskje ikkje den geniale løysinga for å få folk heim finst. Eg trur me har utopiske forventningar til kor mange som skal flytte heim. Når det er sagt, synest eg det blir gjort mykje bra. Bygdene våre er meir levelege no enn for nokre år tilbake, seier han.

AKSEPT: Fredrik Høstaker har gjort ein kjempejobb med regien, meiner Fretland. Han brukar ein kommode, som publikum må akseptere at kan ha ulike former.
AKSEPT: Fredrik Høstaker har gjort ein kjempejobb med regien, meiner Fretland. Han brukar ein kommode, som publikum må akseptere at kan ha ulike former.

Opptar mange

Dette er ting han og Høstaker har vore innom og diskutert undervegs i arbeidet. Stykket vart laget fordi dette er noko som opptar dei, og dessutan er dei i ein alder der mange val for framtida skal takast, slik mange gjer i midten av 20-åra.

– Berre tanken på å få unge set i gong heile denne mølla med at eg ønskjer dei skal få same fantastiske oppvekst som meg. Korleis kan det skje? Viss det skal gå, krev det noko av meg og at eg held meg til eit spørsmål, slik foreldra og besteforeldra mine har gjort det same. 

– Grunnen til at me skreiv stykket er fordi det er noko som opptar mange og tenkjer at folk er interessert i å høyra eitt perspektiv. Her må me vera ærlege med oss sjølve og verkeleg gå i djubda på dei kjenslene som finst der, forklarar han.

Krevjande arbeid

Venskapet med Høstaker byrja på Firda på ungdomsskulen. Det var Høstaker sin idé, og saman har dei blanda bakgrunnane sine til dette musikkstykket eller musikal om ein vil. Eit sterkt og godt venskap gjer at dei kan pressa kvarandre ut av komfortsonene sine og samstundes vera beintøffe med kvarandre. 

Det ligg enormt med arbeid bak, og spesielt for akkurat dette stykket er at musikk og tekst er heilt sjølvkomponert. Ingenting er henta frå andre, noko som er ganske så uvanleg for slike småproduksjonar. At dei berre er dei to byr også på sine utfordringar. Det heile er ein monolog, noko som krev mykje av Høstaker, som er både skuespelar og har ansvar for regi.

– Fredrik har gjort ein kjempejobb med regien. Han har verkeleg laga ein nydeleg regi med to rekvisittar, ein lampeskjerm som eg har på hovudet og ein kommode, som han forvandlar til dei mest utrulege ting gjennom stykket. 

– Han utfordra publikum til å akseptere det han seier at kommoden er. Viss han seier at skuffa er eit bussete, så må folk akseptere det, og det gjer folk. Det krev at både regissør og skuespelar er dyktig og veit kva han driv med. Eg er priviligert som får jobbe med han på det nivået. Det er magisk, smiler Fretland.

Gler seg til å spele i Lærdal

Premieren er allereie unnagjort, og lærdølen trur nok folk vart litt overraska over kor djupt stykket var. Nokre hadde kanskje venta seg ein litt lett musikal, men Fretland tykkjer det er flott at folk var gripen av historia. No ser han fram til framføre stykket i Lærdal kulturhus.

– Det er kjempemorsomt å spele i Lærdal. Eg spelte ein konsert der for nokre år sidan, og ein går med ei misforestilling om at når ein kjem heim, vil ingen like det og synest at det du driv med er pretensiøse ting ingen forstår, men så oppdagar ein at dei synest det er kjempegøy. Eg gler meg veldig og trur lærdølene kjem til å lika det.

Dei to har ambisjonar med stykket, og ironisk nok er det nettopp det dei realiserer no. Ved å reise rundt i Sogn og Fjordane nesten utan produksjonsbudsjett og med ein kommode i bilen, syner dei at det finst eit levebrød for «sånne som dei» i fylket. 

– Ein ventar ofte på ein førespurnad frå ein institusjon i ein by, men her er det det motsette. Me lagar eit budsjett med stramme rammer og så reiser me rundt i heimfylket og ser korleis det går. Det var ein viktig ambisjon. Og så er det sjølvsagt ein kunstnarambisjon ved at me vil presentere noko som held eit høgt nivå, men me tenkjer ikkje på det å bli oppdaga i hermeteikn. No handlar det berre om å gjere dette og presentere eit flott forestilling for folk.

Til toppen