TØFF KAMP: Jotun/ÅTIL ventar tøff motstand torsdag kveld når dei får besøk av Åsane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TØFF KAMP: Jotun/ÅTIL ventar tøff motstand torsdag kveld når dei får besøk av Åsane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Alltid noko å spela for

Sjølv om nedrykk til 4. divisjon allereie er eit faktum, meiner Olafur Sveinsson det er andre ting å spele for når Jotun/ÅTIL møter eit av topplaga i avdelinga.

Årdal: Torsdag kveld besøker Åsane Årdalshallen. Bergenslaget ligg på ein 2. plass i avdelinga og kjempar i toppen saman med Dale. 

I andre enden av tabellen finn ein Jotun/ÅTIL, som berre har tatt to poeng denne sesongen. Laget styrer no mot 4. divisjon og det andre nedrykket på to år. Plassen står ikkje til å redda, men det betyr ikkje at det ikkje er noko å spela for, meiner Jotun/ÅTIL-trenar Olafur Sveinsson.

– Det er alltid noko å spela for, som utviklinga til spelarane og klubb og mange andre aspekt når det gjeld slikt. Som utøvar kan ein aldri tenkje slik. Om det ikkje er seg sjølv, så kan ein spele for medspelar og klubb. Ein kan også vere eit førebilete for dei yngste som sit og ser på, seier islendingen.

Usikker framtid

Sjølv om dei gjorde ein positiv kamp mot Gloppen i helga, har det vore ein tøff sesong. 1. mai er det slutt for Sveinsson etter at klubben bestemte seg for ikkje å benytte seg av opsjonen på eit år til i kontrakten hans. 

Førebels er ikkje alle verv i handballen fylt opp, og slik sett er knytt stor usikkerheit til framtida.

– Korleis ser du på framtida til Jotun? Er du ved roret?

Nei, det får dei som skal ta over og styre dette svare på. Det manglar folk i handballstyret, og det er usikker kven som blir trenar. Dei må finne seg ein trenar, og så er det usikkerheit rundt spelarstall og slikt. Det blir opp til leiing og dei som skal stake kursen vidare å svare på den boten, svarar Sveinsson.

Tilrettelagt for satsing

Då han tok over i 2012, kjempa laget om kvalik til 1. divisjon, men no er laget altså på veg ned i 4. divisjon. Sveinsson trur dette heng saman med satsing.

– Midlar som vert brukt på trenar og spelarar har gått gradvis ned. Då er eit naturleg resultat av det at resultata blir dårlegare på sikt. Det har vore eit klart og tydeleg signal frå klubbleiinga at dei ikkje vil bruke for store midlar, og då seier det seg sjølv at ferdigheitene og kvaliteten går nedover. 

Trass litt pessimistiske utsikter er trenaren likevel optimistisk til framtida. Han meiner alt ligg til rette i Årdal for at bygda nok ein gong skal ha eit lag i ein av dei tre øvste divisjonane. 

– Det skal i grunnen ikkje vera problematisk så lenge det er engasjerte folk som vil driva med handball. Viss ein er ambisiøs for handballen, skal det vera fullt mogleg. Her er alle forhold lagt til rette for å lykkast. Eg viser til G14-laget som eg trenar, som no markerer seg som ein av dei fire beste i region vest. Ein har alle moglegheiter for å oppnå gode utøvarar og lag viss ein vil. 

Sjå intervjuet som Håndball i Sogn gjorde for Porten.no etter kampen mot Gloppen.

Til toppen