Årdal: – Vi har endå ikkje hatt tid til å fått gjort nokon undersøkingar på kva som er grunnen til at det begynte å brenne i kjellaren. Det er ikkje noko uvanleg at det renn metall ut av ein av omnane, men det skal ikkje føre til at det blir brann, fortel assisterande kommunikasjonsdirektør Eirik Brynhildsbakken i Norsk Hydro.
Den første meldinga politiet omtala det som ein eksplosjon, men dette stemmer ikkje.
– Det som kan skje når metallet treff noko brennbart, er at der kjem eit smell og det smellet blei då omtalt som ein eksplosjon, forklarar Brynhildsbakken.
Les også: Hydro i Årdal mista straumen då det begynte å brenne i kjellaren
Utan straum i to timar
Smeltekraftverket var også utan straum i to timar. Dette blei omtalt som ganske dramatisk med tanke på at metallet kan størkne i omnane viss straumen er borte lenge.
– Straumen blei kopla av og kopla tilbake att ganske raskt. Men vi brukte litt tid på å få straumen tilbake fordi vi måtte gjere dette kontrollert. Vi hadde kontroll heile tida og det var ikkje noko spørsmål om straumen skulle komme tilbake i tide.
– Vi veit ikkje heilt kva konsekvensar brannen vil ha, men både skadeomfanget og tid på brannen var avgrensa og allereie klokka 23.00 var vi tilbake i full drift. Så vi trur at dei økonomiske konsekvensane heller ikkje vil bli så store. Alt høyrdest nok meir dramatisk ut enn det eigentleg var, seier Brynhildsbakken.