Øvre Årdal: Det har lege i planane lenge, men først no kom det grøne lyset på at det vert sett opp ein klatrepark der musikkpaviljongen stod i Øvre Årdal.
Går alt som planlagt, kan ungane svinge seg rundt i den nye klatreparken ei veke etter skulestart neste år, fortel idrettskonsulent Arne Hovland i Årdal kommune.
– Sjølve grunnarbeidet til parken vil bli sett i gang i slutten av april, med endeleg ferdigstilling veka etter skulestart hausten 2017. Årsaka til at det er så lang tid mellom oppstart og ferdigstilling er at alle elementa i parken vert målsydd til plassen ut frå terreng og omgjevnader, fortel han.
Eit populært tiltak
Dei siste åra har det kome til mange nye klatreparkar rundt om i fylket. Berre dei siste veke har det opna to i Sogndal kommune.
Artikkelen held fram under biletet.
- Les også: Her kan det koma klatrepark
Dette er eit samarbeidsprosjekt der store deler av kostnadene vert dekka av Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane og gjennom tippemidlar for nærmiljøanlegg.
– Produsenten har vore fullt oppteken dei siste åra, samstundes som Årdal kommune har måtta gjere dei naudsynte avklaringar internt og eksternt for å kome i posisjon til å reise denne parken, seier Hovland.
Innspel frå ungar
Allereie tilbake i desember 2014 fortalte Porten.no at det kunne koma klatrepark der som musikkpaviljongen stod. Tidlegare i år vart paviljongen jamna med jorda. Då hadde han stått i 30 år i all slags vêr. Paviljongen var allereie stengt av fordi det var farleg å opphalde seg der.
Artikkelen held fram under biletet.

- Les også: No er paviljongen jamna med jorda
No skal området på nytt fyllast med aktivitet i form av ein klatrepark til rundt 650.000 kroner.
– Utforminga på parken er eit resultat av at born har vorte utfordra på korleis dei ser føre seg eit attraktivt og spanande leikemiljø skal utformast. Stolpane er forma som blyantar, og så breier klatretaua seg ut mellom desse. Tanken bak prosjektet er eigenstyrd trening med fokus på styrke og balanse, samt ikkje minst leik og moro, held Hovland fram.
Ideell plassering
Når det gjeld plasseringa av klatreparken akkurat her, så er det to grunnar til det. Det eine er nettopp å erstatte musikkpaviljongen med ny aktivitet. Det andre er at klatreparken då vil ligge midt mellom ungdomsskulen, idrettsanlegget og friluftsbassenget.
– Me ser fram til ferdigstilling og mykje aktivitet i denne parken.