GRENDACUP: For sjette året på rad skal det arrangerast Grendacup i idrettshallen på Årdalstangen. Foto: Ronny Rinde.
GRENDACUP: For sjette året på rad skal det arrangerast Grendacup i idrettshallen på Årdalstangen. Foto: Ronny Rinde.

Alt klart for Grendacup på Årdalstangen

Tradisjonen tru vert det blod, sveitte og tårer i idrettshallen på Årdalstangen nyttårsaftan.

For sjette året på rad vert det arrangert Grendacup i idrettshallen på Årdalstangen i romjula. I år går turneringa av stabelen på sjølvaste nyttårsaftan.

Indre Sogn Sparebank Grendacup har blitt eit populært arrangement for dei som er glade i å sparke ball mellom alle julemåltida. 

ARRANGØR: Ronny Rinde.
ARRANGØR: Ronny Rinde.

I år er det elleve gutelag og tre jentelag påmeldt. Ein viktig del av konseptet med turneringa er at ein spelar på lag med dei som kjem frå same grend i bygda.

– Men for å få nok lag må me akseptere at ikkje alle er frå same grend også, seier arrangør Ronny Rinde. 

– Det viktigaste er at me har eit tilbod til folk som vil trimma litt i julestria, samt at dei på julebesøk i bygda kan helsa på gamle kjende, legg han til.

I år er det omtrent hundre spelarar i aksjon og delar av pengane som vert samla inn blir gitt til aksjonen «Ei god jul for Janne». 

– Me har også fått sponsa premiar av Indre Sogn Sparebank til vinnarlaga. Publikum kan møte opp frå 09.15 til 14.45. Då vil dei få sjå mange spennande kampar med både utrente og trente kroppar. Vinnarane frå i fjor, Hanseskogen frå Lærdal, er også representert i år.

Til toppen