STIKKA: Turløypene i Fardalsfjella er no stikka og klare for bruk. Foto: Styret i skihytta. 
STIKKA: Turløypene i Fardalsfjella er no stikka og klare for bruk. Foto: Styret i skihytta. 

Alt ligg til rette for fine skiturar i Fardalsfjella

– Me som ikkje er så gode på nedoverski, synest dette er morosamt, seier Anders Severin Hestetun. 

Årdal: IL Jotun har no køyrt opp turløypene om Åsæte til Murane og innover i Langedalen.

– Med dei flotte snøforholda vi har no, er dette fine skiturar med den beste utsikten du kan ynskje deg, seier Hestetun. 

Les også: Leik og moro i mildt vintervêr

Lokka med den flotte utsikta

Turløypene i Fardalsfjella er no stikka. 

– Me kjem til å køyre nokre turar i påska, men dette er avhengig av vêret. Ein kjem ganske langt opp på det høgaste, omlag 1.300 høgdemeter. Akkurat no er det veldig fint i fjella og vi prøver å lokka skifolket med den flotte utsikta, seier Hestetun. 

Frå Murane er det no merka to løyper med oransje løypestikk. Den kortaste løypa er inn til varden i Langedalen og går i eitt lett terreng innover mot Koreelvane og vidare innover Langedalen. Frå skihytta er det totalt 10 kilometer. 

– Det er lite drivsnø og veldig fint å gå. Me som ikkje er så gode på nedoverski synest dette er morosamt, seier Hestetun. 

Gøy med fleire aktivitetar

Den andre løypa som er stikka opp, er litt lengre, og får frå skihytta og vidare til Åsæte og vert avslutta ved Murane. 

– Dette er den finaste turen. Dersom snøen har sett seg er det lettast å gå frå Skihytta og rett opp lia til Åsæte. Her er det er merka med band så det er lett å finne fram, seier Hestetun. 

Med feller eller trugar kan ein ta seg opp til lia frå skihytta til Åsæte på ein liten time. Mange har i vinter nytta den flotte laussnøen og kosa seg på skia ned frå lia og over Åsæte, forklarar han. 

Les også: Opprettar fond for skisenteret i Fardalen

– Vi har rydda litt i skogen slik at folk kan nytta seg av alle moglegheitane i området. Det er gøy med litt fleire aktivitetar. For oss i styret til skihytta, er det viktig å tilretteleggja slik at dei i skigruppa ikkje treng å uroa seg over det praktiske. Det kan vi gamlegubbane gjere, så kan dei andre driva skisporten, seier Hestetun. 

Ser inn mot Jotunheimen

Om ein startar skituren opp mot tautrekket i akebakken og går opp lia på venstre sida av Åsætelva og fortsetjer innover dalen mot Bandet og vidare inn til Austabotten, får ein eit utruleg fint utsyn innover i Vest-Jotunheimen. 

– Her ser du mange av dei høgaste og mest alpine tindane våre. Du kan blant anna sjå Storen, Ringstindane og Austabottentindane. Kjem du frå Åsæte mot Murane er det fin nedkøyring mot Sletta i Austabotten og vidare ned på Murane, seier Hestetun. 

Det er gratis å køyra i skitrekket i Fardalen, men Hestetun ser pris på dei som betalar ei frivillig løypeavgift. 

– Me har ingen noregsmeisterar endå, men dei kan jo fort koma om vi får til til eit skikkelig skimiljø. Dei i skigruppa og allidretten skal ha skryt for jobben dei gjere med å rekruttera til skiidretten. Det viktigaste for oss er å leggja til rette for uteaktivitetar, seier Hestetun. 

Skihytta vert open i Palmehelga, frå Skjærtorsdag og utover. Det vert også sal i kiosken. På Påskeaftan vert det årlege påskerennet arrangert. 

Til toppen