SER TEIKN: Nasjonal rassikringsgruppe ser få teikn til offensiv satsing på rassikring i det som til no har komme fram om den kommande nasjonale transportplanen (NTP).​ Foto: Halvor Farsund Storvik.
SER TEIKN: Nasjonal rassikringsgruppe ser få teikn til offensiv satsing på rassikring i det som til no har komme fram om den kommande nasjonale transportplanen (NTP).​ Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

– Altfor lite til rassikring i NTP

Nasjonal rassikringsgruppe ser få teikn til offensiv satsing på rassikring i det som til no har komme fram om den kommande nasjonale transportplanen (NTP).

  • Endret

Fylket: Under ein rassikringskonferanse i Tromsø denne veka kom det fram at regjeringa vil setje av 24 milliardar kroner til rassikring i perioden 2018–2029. Men det meiner rassikringsgruppa er berre halvparten av det som trengst.

– Det var dette vi var redde for, nemleg at regjeringa ikkje har noka offensiv satsing på rassikring, seier leiaren for Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes.

– Det er svært skuffande på vegner av alle innbyggarar som må bu og leve med rasfare over store delar av landet.

Kjelsnes og rassikringsgruppa set no sin lit til at Stortinget sørger for at rassikringa blir prioritert høgare i NTP-en når dei skal behandle langtidsplanen i juni.

– Det burde vere mogleg ut frå dei positive signala frå om lag alle dei politiske partia. Vi har faktisk ikkje møtt noko parti som ikkje har sagt seg einig i at dette er eit stort nasjonalt ansvar, seier Kjelsnes.

Nasjonal rassikringsgruppe vart skipa i 2001 og har i dag representantar frå fylkestinga i ni av dei mest rasutsette fylka, det vil seie Sogn og Fjordane, Finnmark, Nordland, Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland, Troms, Oppland og Sør-Trøndelag. Gruppa arbeider for at alle offentlege vegar i Noreg skal vere sikra mot ras innan 2030.

(©NPK)

Til toppen