KONSEKVENSAR: Advokatar har uttala til Sogn Avis at publiseringa av den sensitive informasjonen i postlistene vil få konsekvensar for Årdal kommune. Foto: Arkiv
KONSEKVENSAR: Advokatar har uttala til Sogn Avis at publiseringa av den sensitive informasjonen i postlistene vil få konsekvensar for Årdal kommune. Foto: Arkiv

Alvorleg: Publiserte private opplysningar i postjournal

Årdal kommune la ut sensetiv informasjon om personar med psykisk utviklingshemming på sine offentlege postjournallister.

Fredag ettermiddag la Årdal kommune ut ei melding om at det hadde skjedd eit alvorleg avvik på postlista til kommunen.

Sensitive detaljar og personinformasjon om personar med psykisk utviklingshemming har vore opne for alle til å lese på kommunen sine heimesider.

Sletta dokumenta

I går skreiv Årdal kommune op sine nettsider at det hadde blitt avdekka eit avvik i deira offentlege postjournal som omfatta personsensitive opplysingar om fleire personar.

- Staks vi vart varsla av Fylkesmannen om dette, vart dokumenta sletta frå kommunen si offentlege postliste, skriv dei.

Fredag vart kommunen kjend med at konfidensielle personopplysingar, som er oversendt frå Fylkesmannen i samband med eit varsla tilsyn, har vore tilgjengeleg på kommunen sin offentlege postjournal.

Administrasjonen vart varsla om dette fredag morgon  av Fylkesmannen etter at han var kontakta av ein journalist i Sogn Avis.

Svært alvorleg sak

Årdal kommune skriv at dei vurderer dette som eit alvorleg avvik og at dei no gjennomgår sine rutinar for å finne årsaka til hendinga slik at dei skal hindra at liknande skal skje i framtida.

- Det er sendt brev til alle som er berørt av avviket, både brukarane av kommunale tenester og til verjene dersom dei har det. Kommunen har forsøkt å informere og orsake per telefon, men grunna dagens problem i mobilnettet har det ikkje lukkast å nå fram til alle, skriv kommunen.

For dei brukarane som bur i bufellesskap er personalet informert om saka og bedt om å informere vidare.

Fleire tilfeller

Sogn Avis publiserte laurdag 20. februar saka og skriv at fleire av dei pårørande reagerer kraftig på kommunen sin tabbe.

Avisa skriv at personopplysningar om 13 personar, som alle har psykisk utviklingshemming i ulik grad, skal ha vore tilgjengeleg for alle på Årdal kommune sine nettsider. 

"Både fødsels- og personnummer, namn på lege og verjer og pårørande står å kunne lesast i det 145 sider lange dokumentet som er journalført 12. februar, men som mest truleg ikkje har vore synleg på postlista før torsdag morgon," skriv Sogn Avis.

Same dag som Årdal kommune opplyste om kjempetabben på sine heimesider, skriv Bergens Tidende at Os kommune hadde publisert sensitive opplysningar om barnevernsbarn i sine postlister også.

Regionsavisa skriv at Os kommune hadde publisert personopplysningar om eit barnevernsbarn utan noko som helst sladding på postlista i januar.

Ikkje offentleggjerast

Ifølgje offentleglova skal alle kommunar offentleggjere brev som går til og frå kommunen. Alle kan krevje innsyn i desse dokumenta, og meininga er at dette skal styrkje informasjonsfridommen, rettstryggleiken for den enkelte og tilliten til dei offentlege etatane.

Enkelte opplysningar skal likevel ikkje gjerast offentlege. Dette gjeld mellom anna personopplysningar, og andre ting som er omfatta av teieplikt. Slike opplysningar skal sensurerast.

Til toppen