SKUFFA: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) er skuffa over at regjeringa ikkje har lagt inn tapskompensasjon for Sogn og Fjordane i neste års statsbudsjett. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKUFFA: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) er skuffa over at regjeringa ikkje har lagt inn tapskompensasjon for Sogn og Fjordane i neste års statsbudsjett. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Alvorleg tilbakesteg for fylkeskommunen

Det meiner fylkesordførar Jenny Følling (Sp) om statsbudsjettet som vart lagt fram torsdag. 

Sogn og Fjordane: Ho meiner statsbudsjettet er eit alvorleg tilbakesteg for fylkeskommunen som regional utviklingsaktør. 

– Om regjeringa sitt framlegg om å kutte dei regionale utviklingsmidlane med 16 millionar kroner blir vedteke, så er det svært alvorleg for heile fylket. Det blir sagt at fylkeskommunen og eventuelle regionar skal bli ein endå større regional utviklingsaktør i framtida. Då må me ha verktøy til å drive utviklingsarbeid i fylket, og vi må ha pengar til å kunne få til den utviklinga fylket treng, slår Følling fast i ei pressemelding.

Heller ikkje i år ligg det inne tapskompensasjonar til fylkeskommunen. I fjor kom desse inn etter forhandlingar i Stortinget. 

– For Sogn og Fjordane er det spesielt viktig å få auka tapskompensasjonen som følgje av omlegginga i inntektssystemet. No må me ta kampen på nytt, seier Følling.

Elles er fylkesordføraren glad for at regjringa følgjer opp vegprosjekta i fylket, som Loftesnesbrui i Sogndal. 

Til toppen