TIL SJUKEHUS: Føraren av bilen vart sendt til sjukehus og har ukjent skadeomfang.
TIL SJUKEHUS: Føraren av bilen vart sendt til sjukehus og har ukjent skadeomfang. (Foto: POLITIET)

Alvorleg ulukke i Lærdalstunnelen - stengt i fire timar

Bilførar sendt med luftambulanse til Førde.

Lærdal: Ulukka fann stad cirka seks kilometer inne i tunnelen frå Lærdal-sida. Eit køyretøy hadde store materielle skader etter å ha køyrt i fjellveggen. 

Bilføraren hadde smerte i bryst og rygg og vart først køyrd til sjukehus i Lærdal. Derifrå vart han frakta vidare med luftambulanse til Førde, skriv NRK.

– Vi fekk melding om ei alvorleg trafikkulukke, der ein bil hadde køyrd i fjellveggen og fått store materielle skader. Bilførar var vaken og bevisst, og vart teken hand om av forbipasserande, seier Morten Rebnord i operasjonssentralen til NRK.

Tunnelen blei opna etter om lag fire timar. 

Til toppen